Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Frekvensforvaltning Strategi Frekvensstrategi
Sist oppdatert

Frekvensstrategi

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) er, saman med Samferdselsdepartementet, ansvarlig myndigheit for forvaltninga av statens frekvensressursar. Nkoms frekvensstrategi skal bidra til at overordna ekompolitiske mål og Nkoms overordna mål vert oppfylt.

Frekvensar er ein verdifull og avgrensa naturressurs, noko som gjer at det er høge krav til vår forvaltning. Målet er å forvalte ressursane slik at dei gir mest mogleg samfunnsnytte.

Samfunnet er i stor grad avhengig av elektronisk kommunikasjon, og særlig kommunikasjon via trådlause og mobile nett. Nkoms hovudoppgåver for frekvensforvaltninga; frekvensplanlegging, tildeling, rettleiing og tilsyn, skal gjennomførast slik at bruken av ressursane er i samsvar med samfunnets behov. Frekvensressursar er ein konkurranseparameter for tilbydarar av elektronisk kommunikasjon, og ein føresetnad for bruk av ny teknologi og nye innovative tenester. Det er eit overordna mål for Nkom som frekvensforvaltar å offensivt fremje sikre tenester, konkurranse og innovasjon.

Nkom skal også vere ein tilgjengelig, open og synlig frekvensforvaltar, og vår forvaltning skal være føreseieleg og bygge på prinsipp som minimumsregulering og teknologi- og tenestenøytralitet.

Nkom har fastsett ein frekvensstrategi for perioden 2018-2021 som er tilgjengelig her.