Kven kan søkje om midlar?

Den første WiFi4EU-utlysninga var i november 2018, der kommunar og konstellasjonar av kommunar kunne søkje om stønad til etablering av offentlege Wi-Fi-soner. Sjølve etableringa og drifta av løysinga må kommunane betale for sjølve.

Kor mange norske kommunar har tatt del i ordninga?

82 norske kommunar har fått til saman 1 230 000 euro frå EU i løpet av fire tildelingane av WiFi4EU-midlar (Q4 2018, Q2 2019 Q4 2019 og Q1 2020). Kvar kommune får tilbod om stønad til å dekke kostnadar opptil 15 000 euro knytt til utstyr og installasjon av offentlege Wi-Fi-soner.

Kva blir dekt?

  • 100% av prosjektkostnader blir dekte. Tilskotsmidlar kan nyttast som delfinansiering i eventuelle større prosjekt.
  • Kostnader som utstyr og installering for å etablere Wi-Fi-soner (Capital Expenditure Costs) vil dekkast av WiFi4EU-ordninga, medan driftskostnader (Operational Expenditure Costs), som tilkopling til internettilbydarar (ISP) og vedlikehald, må dekkast av kommunen sjølv for ein periode på minimum tre år.

Kva er kriteria for kommunar som får tilslag på søknaden?

  • Det kommunale tilbodet må vere gratis, tilgjengeleg for alle (ikkje-diskriminerande vilkår) og ikkje i konflikt med eksisterande tilbod av Wi-Fi-soner, både private og offentlege. Kommunane må garantere drift av Wi-Fi-sonene i tre år.
  • Den visuelle profilen til EU skal nyttast, med opning for lokale tilpassingar.

Kva innebær Nkom si rolle som nasjonal koordinator?

Noreg er deltakar i programmet Connecting Europe Facility (CEF Telecom) som jobbar for å utvikle grenseoverskridande infrastruktur og tenester i EU/EØS. Frå 2018 er WiFi4EU innlemma som ein ny DSI (Digital service infrastruktur) under CEF Telecom. Difi har det nasjonale ansvaret for heile CEF Telecom-programmet i Noreg, medan Nkom har forvaltningsansvaret og fungerer som nasjonal koordinator for WiFi4EU.

Kva er verdi på løyvingsbevis?

Kvar voucher vil ha ein verdi pålydande om lag 15.000 Euro. 

Kor lenge er eit løyvingsbevis gyldig?

Kommunar har 1,5 år til å fullføre installasjonen. Ved ferdigstilling blir løyvingsbevis overført til leverandøren som krev utbetaling frå kommisjonen.

Er det mogleg å levere løyvingsbevis tilbake?

For å kunne trekke attende ein søknad, følg trinna nedanfor, avhengig av trinnet i stønadsavtalen i kommunen din.

Dersom kommunen din enno ikkje har signert stønadsavtalen for WiFi4EU-løyvingsbevis tildelt i fjerde runde (1. kvartal 2020), kan du senda ein e-post til INEA-CEF-WiFi4EU@ec.europa.eu. E-posten må sendast frå ordføraren, kontaktpersonen eller den autoriserte personen som er registeret i WiFi4EU-portalen, og tydeleg gjera greie for årsakene til at du trekker deg frå initiativet.

Dersom kommunen din allereie har underteikna stønadsavtalen, kan du senda eit offisielt brev, underteikna av ordføraren, med tydeleg grunngjeving av årsakene til oppseiinga og adressert til: 

Innovation and Networks Executive Agency (INEA) 
Department C - Connecting Europe Facility (CEF) 
Unit C5 – CEF Telecommunications 
W910 1049 Brussels 
Belgium

Du kan også skanne det offisielle brevet og sende det direkte til e-postadressa INEA-CEF-WiFi4EU@ec.europa.eu.

I begge tilfelle vil du få ei stadfesting i god tid frå Innovation and Networks Executive Agency (INEA) som handterer leiinga av initiativet.

Kva skjer med kommunar som no er slått saman?

Dersom samanslåinga skjedde etter dato løyvingsbevis vart tildelte kan kommunar operera som tidligare, men pengane skal brukast innanfor den kommunen som opphavleg søkte om stønadsmidlar.