Nkom har hovudkontor i Lillesand. Om lag 162 tilsette jobbar i sørlandsbyen, og resterande av totalt 176 tilsette har arbeidsplassen sin på Nkom sine regionkontor i Lødingen, Trondheim, Bergen og Oslo.
Nkom er delt inn i fire fagavdelingar. Spektrumsavdelinga, Konkurranseavdelinga, Sikkerheitsavdelinga, og Organisasjonsavdelinga blir kvar leia av ein avdelingsdirektør. Desse utgjer leiargruppa til direktøren.
Pål Wien Espen er direktør i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
John-Eivind Velure er avdelingsdirektør for Spektrumsavdelinga
Spektrumsavdelinga forvaltar frekvensressursane i Noreg. Det inneber planlegging, tildeling og oppfølging av bruken av statens frekvensar. Avdelinga har også ansvar for å følgje opp internasjonale forpliktingar på radiofrekvensområdet, primært i CEPT, ITU og EU.
Sikkerheitsavdelinga utarbeider og følgjer opp krav til sikre og robuste elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester. Dette inkluderer mellom anna tekniske analysar, risikoanalysar, regelverksutvikling, tilsyn, krise- og beredskapsøvingar og forvaltning av økonomiske tilskot til sikkerheits- og beredskapsformål. Sektorens responsmiljø for digitale hendingar, Nkom EkomCERT, ligg også i avdelinga.
Konkurranseavdelinga følgjer opp regelverka som legg til rette for berekraftig konkurranse innanfor elektroniske kommunikasjons- og posttenester i Noreg. Nkom fører tilsyn med leveringsplikta til Posten Noreg og Telenor, behandlar klagar og meklar mellom tilbydarane. Avdelinga har også ansvar for forvaltning av nasjonale nummerressursar, for ekomtenester og -nett, og deltar i internasjonale fora for harmonisering av lovverk knytt til EFTA/EU.
Marianne Øhrn Johannessen er avdelingsdirektør for Organisasjonsavdelingen.