Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Om Nkom Sektoravgifter og gebyr
Sist oppdatert

Sektoravgifter og gebyr til Nkom

Stortinget har vedteke at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) skal vere sjølvfinansiert.

Ny forskrift om sektoravgifter og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) trådte i kraft 20. mars 2017.

Forskriftens § 5 lyder slik: «Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan justere ei årleg sektoravgift og eit gebyr i samsvar med den prosentvise endringa i myndigheita si løyving, eller tilsvarande utvikling i konsumprisindeksen.»

Dette er i tråd med Rundskrivet til Finansdepartementet: «Bestemmelser om statlig gebyr- og avgiftsfinansiering» (rundskriv R -112/15 punkt 3.1.2, nr. 2) der det går fram at: "satsene skal gjennomgås og om nødvendig oppdateres i tilknytning til den årlige budsjettprosessen."

Nkom vurderer difor årleg om sektoravgifter og gebyrer (uttrykt i faste kronebeløp) skal regulerast i samsvar med endring i konsumprisindeks eller budsjettløyving. Føremålet er at sektoravgifter og gebyrer kvart år skal stå i eit riktig tilhøve til Nkoms kostnader knytta til dei ulike forvaltningsområda.

Kronebeløp som går fram av forskriftsteksten på Lovdata vert dermed ikkje oppdatert fortlaupande. Dei til kvar og ei tid korrekte beløp er dermed i staden publisert på Nkoms nettside.

Sektoravgifter og gebyr skal hentast frå dei som Nkom har tilsyn med, og utgjer til saman om lag 210 millionar kvart år. Berre ein liten del av inntektene til Nkom kjem over statsbudsjettet.

Stortinget vedtek kvart år kor mykje Nkom skal krevje inn i sektoravgifter og gebyr det komande året. Dette skal så krevjast inn frå dei som har plikt til å betale etter lov og forskrift. Berekninga av sektoravgift og gebyr går ut på å fordele kostnadane forholdsmessig mellom dei som skal betale. Sektoravgift og gebyr vert utmåla anten som ein årleg sektoravgift for heile kalenderår eller som eit eingongsgebyr.

Nkom krev inn sektoravgift/gebyr frå ulike aktørar, mellom anna frå dei selskap i ulike marknader for elektronisk kommunikasjon, frå dei som har frekvensløyve eller nummerløyve og frå dei som driv autorisert eller registrert verksemd. Reglane om sektoravgift/gebyr er gitt i lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) § 12-1. Modellen som fordelar sektoravgifter og gebyr mellom dei som skal betale, er gitt som reglar i forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Spørsmål om sektoravgift og gebyr kan sendast til firmapost@nkom.no.

Forvaltningsområde etter § 3, bokstav a

48 % av samla sektoravgift skal krevjast frå tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett og elektronisk kommunikasjonsteneste, registreringspliktige etter lov om elektroniske tillitstjenester (se § 26), innehavarar av løyve til å bruke nummer-, namn- og adresseressursar og verksemder som deler ut domenenamn under norske landtoppdomene.

Nummer, namn og adresseressursar

Den som har løyve til bruk av nummer, namn og adresseressursar skal betale sektoravgift etter reglane i forskrifta § 6.

Sertifikatutstedar/Tillitstenester som er registreringspliktige

Sertifikatutstedar som er registreringspliktig skal betale sektoravgift etter reglane i forskrifta § 7.

Sektoravgift for tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett, elektronisk kommunikasjonsteneste

Tilsyn med nett og tenester finansierast gjennom ein omsetningsbasert modell. Dei som har ein relevant årleg omsetning på meir enn 35 millionar kroner, skal betale ein forhaldsmessig del av sektoravgiften. Storleiken på dei omsetningsbaserte sektoravgiftene kvar einskild skal betale, vil avhenge av den sektoravgiftspliktige sin brøkdel av den samla relevante omsetninga. Reglane om sektoravgift for tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett, elektronisk kommunikasjonsteneste finn ein i forskrifta § 9.

Forvaltningsområde etter § 3, bokstav b

41 % av samla sektoravgifter skal krevjast inn frå dei som har frekvensløyve, jf. forskrifta § 3.

Modellen deler inn frekvensløyva i fire ulike kategoriar og set fast kor stor brøkdel av sektoravgiftene for frekvens som skal betalast av kvar einskilt innehavar av løyve innan kvar kategori.

Fleire av sektoravgiftene vert utmåla i to komponentar. Den eine komponenten vert delt mellom aktørane, utan omsyn til den ressursmengda som vert disponert. Den andre komponenten vert så spreidd på grunnlag av fordelingsnøklar som tar eit visst omsyn til ressursmengda. Dette reflekterer at Nkom sine kostnader knytt til kvar innehavar av frekvensløyve ikkje veks proporsjonalt med den del av ressursmengda den enkelte disponerer, og at Nkom har større kostnader knytt til nokre frekvensband.

Forvaltningsområde etter § 3, bokstav c

8 % av dei samla sektoravgiftene skal krevjast inn frå dei som:

  • er registrert leverandør av radio og terminalutstyr og radioforhandlarar
  • er autoriserte installatørar
  • har løyve for aeromobilt utstyr
  • har løyve for personleg nødpeilesendar

Utstyrsrelatert tilsyn vert finansiert gjennom sektoravgift retta mot registrerte importørar, produsentar, radioforhandlarar og autoriserte installatørar.

Aeromobilt utstyr

Dei som har løyve for aeromobilt utstyr skal betale sektoravgift og gebyr etter reglane og satsane i forskrifta § 18.

Personleg naudpeilesendar

Dei som har løyve for identifiserbar naudpeilesendar skal betale sektoravgift etter reglane og satsane i forskrifta § 15.

Registrert leverandør, radioforhandlar og autoriserte installatører

Dei som er registrert leverandør eller radioforhandlar skal betale sektoravgift etter reglane og satsane i forskrifta § 19. Dei som er autoriserte installatører skal betale sektoravgift etter reglane og satsane i forskrifta § 20.

Forvaltningsområde etter § 3, bokstav d

3 % av dei samla sektoravgiftene skal krevjast frå tilbydarar av posttenester. Nkom fastsett ved enkeltvedtak årleg sektoravgift for posttilbydarar i samsvar med postloven § 53, jf. forskrifta § 10.