Utfaktureringsplan for 2024

Nkoms oppdaterte utfaktureringsplanar for sektoravgifter og gebyr for 2024.

Med heimel i forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), regulerer Nkom med dette sektoravgifter med verknad frå 1. januar 2024.

Sektoravgift og gebyr for 2024 er og oppdatert i forskrifta.

Sektoravgifter

Finansieringa av Nkom er regulert i Forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Forskrifta deler bransjane for elektronisk kommunikasjon og post inn i fire forvaltningsområde (§ 2 a–d). Finansieringa av Nkom blir fordelt mellom desse forvaltningsområda etter anslått ressursbruk. For tida er anslått ressursbruk per forvaltningsområde lik prosentsatsane i tabellen under.

Vidare går ei særskild løyving over statsbudsjettet til frådrag på det forvaltningsområdet ho gjeld. I eksempelet i tabellen under er dette særskilde løyvingar til administrasjon av breibandstilskot og drift av radiostøykontrollen.

For å forenkle eksempelet i tabellen under er dei samla kostnadene sett til 100 mill. kroner og den særskilde løyvinga til administrasjon av breibandstilskot til 1 mill. kroner. Den særskilde løyvinga til drift av radiostøykontrollen er sett til 10 mill. kroner i samsvar med tidlegare løyvingar. 

Anslått ressursbruk per forvaltnings-
område

Samla kostnader per forvaltnings-
område

Administrasjon av breibands-
tilskot

Drift av radiostøy-
kontrollen

Sektoravgift og gebyr per forvaltnings-
område

a) 48,2 %

48 200'

- 482'

 

47 718'

b) 40,6 %

40 600'

- 406'

- 10 000'

30 194'

c)   8,4 %

8 400'

- 84'

 

8 316'

d)  2,8 %

2 800'

- 28'

 

2 772'

Totalt

100 000'

- 1 000'

- 10 000'

89 000'

(tal i heile tusen)

Nkom sin ressursbruk på breibandsforvaltning fordeler seg på alle forvaltningsområda. Den særskilde løyvinga til administrasjon av breibandstilskot er derfor fordelt mellom dei ulike forvaltningsområda etter prosentsatsen for anslått ressursbruk. Slik kjem løyvinga aktørane i alle forvaltningsområda til gode.

Nkom sin ressursbruk til radiostøykontrollen gjeld forvaltningsområdet i bokstav b, frekvensforvaltning. Refusjonen til drift av radiostøykontrollen blir derfor trekt frå sektoravgiftene og gebyra i dette forvaltningsområdet.

Samla sektoravgift og gebyr per forvaltningsområde blir kravd inn frå bransjane gjennom dei ulike sektoravgiftene og gebyra som ligg under kvart forvaltningsområde. 

Ulike typar sektoravgifter og gebyr

Sektoravgifter og gebyr kan delast inn i to hovudgrupper innanfor kvart forvaltningsområde:

  • Sektoravgifter og gebyr der prisen kjem direkte fram av forskrifta («direkteprisa»)
  • Sektoravgifter og gebyr som følgjer av enkeltvedtak

Forskrifta gir Nkom høve til å justere sektoravgifter og gebyr i samsvar med den årlege prosentvise endringa i løyvinga. Direkteprisa sektoravgifter og gebyr blir justerte på denne måten.

Deretter reknar Nkom ut total inntekt frå direkteprisa sektoravgifter og gebyr per forvaltningsområde ut frå dei nye satsane og oppdaterte tal på fakturamottakarar.

Totale sektoravgifter og gebyr frå enkeltvedtak innanfor kvart forvaltningsområde blir rekna ut på denne måten (eksempel: forvaltningsområdet i bokstav a):

 

Totale sektoravgifter og gebyr (sjå førre tabell)

47 718'

-

Direkteprisa sektoravgifter og gebyr

7 718'

=

Totale sektoravgifter og gebyr frå enkeltvedtak, til fordeling

40 000'

(tal i heile tusen)

Totale sektoravgifter og gebyr frå enkeltvedtak blir vidare fordelte ut på einskilde enkeltvedtak etter anslått ressursbruk i forvaltningsområdet sitt.

Fordeling av sektoravgifter og gebyr

Diagrammet under syner korleis fordelinga av sektoravgifter og gebyr i 2020 var mellom dei ulike kategoriane i førre avsnitt. Totale sektoravgifter og gebyr i 2020 er om lag 240.6 mill. kroner.

Sektoravgift og gebyr for 2020, graf

 

Inntekter frå direkteprisa sektoravgifter og gebyr kjem i hovudsak frå mange fakturaer med små beløp, mens inntekter frå enkeltvedtak i hovudsak kjem frå få fakturaer med store beløp. 

Antall fakturaer for 2020, graf