Direktør

John-Eivind Velure er fungerande direktør for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

Telefon: 22 82 48 27  
Mobil: 95 74 84 47  
E-post: john.velure@nkom.no

Spektrumsavdelinga

Espen Slette er fungerande avdelingsdirektør for Spektrumsavdelinga
Telefon: 22 82 47 01  Mobil: 48 07 45 18   E-post: espen.slette@nkom.no

Spektrumsavdelinga forvaltar frekvensressursane i Noreg. Det inneber planlegging, tildeling og oppfølging av bruken av statens frekvensar. Avdelinga har også ansvar for å følgje opp internasjonale forpliktingar på radiofrekvensområdet, primært i CEPT, ITU og EU.

Juridisk fagsjef Sidsel Huse koordinerer det juridiske arbeidet i avdelinga.

Spektrumstildeling

Seksjonssjef Svend Albert Toft

  • behandlar søknader om frekvensløyve
  • gjennomfører frekvenstildelingar og frekvensauksjonar
  • skriv ut frekvensløyve
  • gjennomfører dekningsberekningar
  • koordinerer frekvensbruk mot naboland
  • deltar i internasjonalt harmoniseringsarbeid

Spektrumsplanlegging

Seksjonssjef Bent André Støyva

  • ansvar for planlegging av nasjonal frekvensbruk og frekvenstildelingar
  • koordinerer det internasjonale harmoniseringsarbeidet i avdelinga
  • gjennomfører nasjonal koordinering og innmelding av satellittsystem og satellittjordstasjonar
  • gir juridisk støtte til heile Nkom knytt til frekvensbruk

Konkurranseavdelinga

Hans Jørgen Enger er avdelingsdirektør for Konkurranseavdelinga
Telefon: 22 82 47 10   Mobil: 92 04 86 24   E-post: hans.enger@nkom.no

Konkurranseavdelinga følgjer opp regelverka som legg til rette for berekraftig konkurranse innanfor elektroniske kommunikasjons- og posttenester i Noreg. Nkom fører tilsyn med leveringsplikta til Posten Noreg og Telenor, behandlar klagar og meklar mellom tilbydarane. Avdelinga har også ansvar for forvaltning av nasjonale nummerressursar, for ekomtenester og -nett, og deltar i internasjonale fora for harmonisering av lovverk knytt til EFTA/EU.

Fagsjef Kenneth Olsen har eit særleg ansvar for å koordinere og kvalitetssikre arbeidet med marknadsregulering på tvers av fagseksjonane i avdelinga.

Telefoni og nummer

Seksjonssjef Inger Vollstad

  • regulerer grossistmarknadene innanfor fast- og mobiltelefoni for å leggje til rette for konkurranse
  • rettleiing og informasjon til tilbydarar i marknadene
  • følgjer opp avtalen om leveringspliktige ekomtenester mellom Staten og Telenor
  • følgjer opp Brukarklagenemnda for elektronisk kommunikasjon
  • godkjenner prissamanlikningstenester
  • handterer forbrukarspørsmål og koordinerer kontakten mot forbrukarmyndigheiter
  • forvaltar nasjonale nummerressursar innanfor ekomtenester og -nett

Breiband, post og statistikk

Seksjonssjef Daniel Hegland

  • regulerer grossistmarknadene for breiband for å leggje til rette for konkurranse
  • rettleiing og informasjon til tilbydarar i marknadene
  • regulerer postmarknaden
  • følgjer opp postregelverket, med særskilte krav til Posten Noreg om leveringspliktige posttenester
  • handterer forbrukarspørsmål
  • hentar inn og publiserer statistikk om ekommarknadene på ekomstatistikken.nkom.no

Sikkerheitsavdelinga

Elise Knutssøn Lindeberg er avdelingsdirektør for Sikkerheitsavdelinga
Telefon: 22 82 46 07  Mobil: 90 19 09 47   E-post: elise.lindeberg@nkom.no

Sikkerheitsavdelinga utarbeider og følgjer opp krav til sikre og robuste elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester. Dette inkluderer mellom anna tekniske analysar, risikoanalysar, regelverksutvikling, tilsyn, krise- og beredskapsøvingar og forvaltning av økonomiske tilskot til sikkerheits- og beredskapsformål. Sektorens responsmiljø for digitale hendingar, Nkom EkomCERT, ligg også i avdelinga. 

Fagsjef Alexander Iversen har ansvaret for å følgje den teknologiske og sikkerheitsfaglege utviklinga innanfor elektronisk kommunikasjon, og arbeider med tverrfaglege analysar, utgreiingar og prosjekt.

Analyse og regulering

Seksjonssjef Rune Kanck

  • gjennomfører tekniske analysar og risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS)
  • forvaltar økonomiske tilskot til sikkerheits- og beredskapsformål
  • utviklar regelverk og krav til sikkerheit i takt med utviklinga innanfor elektronisk kommunikasjon
  • følgjer opp person- og kommunikasjonsvernet og behandlar søknader frå politiet om tilgang til elektroniske spor i straffesaker

Tilsyn og beredskap

Seksjonssjef Svein Sundfør Scheie

  • fører tilsyn med tilbydarar av ekomnett og-tenester, tilbydarar av tillitstenester og Norid
  • utviklar, gjennomfører og evaluerer øvingar internt i Nkom og mot bransjen
  • ansvar for nasjonal 24/7 vaktordning for handtering av hendingar i sektoren, inkludert rutinar/støtteverktøy
  • oppfølging av sikkerheitslova, skjermingsverdige objekt, gradert kommunikasjon og Totalforsvaret.

Nkom EkomCERT - Computer Emergency Response Team

Seksjonssjef Frank Stien

  • 24/7 operativt team med sikkerheitsekspertar innan det digitale domenet som handterer hendingar
  • førebyggjer og handterer brot på integritet, konfidensialitet og tilgjenge i sektoren
  • overvaker opne og graderte kjelder, for å identifisere trusselaktørar og sårbarheiter i nettverk
  • koordinerer informasjonsflyten mellom myndigheiter, sikkerheitsaktørar og ekomtilbydarar ved hendingar

Teknologiavdelinga

Per Eirik Heimdal er avdelingsdirektør for Teknologiavdelinga
Telefon: 22 82 46 35   Mobil: 47 40 83 04   E-post: per.eirik.heimdal@nkom.no

Teknologiavdelinga fører tilsyn med kvaliteten på elektroniske kommunikasjonsnett (ekomnett) og har eit særskilt ansvar gjennom rettleiing og dialog med bransjen for å bidra til vidare utvikling av robuste ekomnett, og eit velfungerande internett.

Avdelinga følgjer opp at kommunikasjonsutstyr som blir selt på marknaden, oppfyller nødvendige krav. Andre viktige oppgåver er å følgje opp ulovleg bruk av frekvensar, elektromagnetiske forstyrringar på elektronisk kommunikasjon og gjennomføre dekningsmålingar og målingar av strålingsnivå.

Avdelinga varetar også forpliktingane Nkom har som fagorgan for telestandardisering, og deltar breitt innanfor standardisering og i internasjonalt arbeid.

Fagdirektør Bjørn Erik Eskedal har eit særskilt ansvar for å følgje med på den teknologiske utviklinga og vurdere korleis utvikling og bruk av nye tenester og nett-teknologiar kan påverke oppgåvene Nkom har som regulatør og myndigheit.

Utstyr og regulering

Seksjonssjef Tor Bringsverd

  • utviklar regelverk for radio- og teleterminalutstyr og elektroniske kommunikasjonsnett
  • overvaker utstyrsmarknaden og kontrollerer utstyr som blir omsett
  • registrerer utstyrsleverandørar og radioforhandlarar i utstyrsmarknaden
  • gir løyve til bruk av personleg naudpeilesendar og radioutstyr om bord i luftfartøy
  • gjennomfører nasjonale høyringar av ETSI-standardar

Nett og tenester

Seksjonssjef Camilla Broch Pedersen

  • etablerer oversikt over den nasjonale infrastrukturen for elektronisk kommunikasjonsnett
  • utviklar i samarbeid med ekomtilbydarane strategiar og tiltak for å oppnå høg kvalitet og robustheit i nettinfrastrukturen
  • fører tilsyn og rettleiing av nettinstallasjonar
  • følgjer opp nettnøytralitet og forvaltning av internett i Noreg
  • informerer og følgjer opp regelverket for bruk av informasjonskapslar/cookies
  • gir rettleiing om tilskotsordninga for breiband
  • forvaltar autorisasjonsordninga for elektroniske kommunikasjonsnett
  • forvaltar rolla som nasjonalt standardiseringsorgan for telekommunikasjon

Tilsyn og rettleiing

Seksjonssjef Tore Lunestad

  • gjennomfører tilsyn og kontrollerer at frekvensbruk er i samsvar med regelverk og vilkår i løyve
  • utfører dekningsmålingar og kontrollerer at dekningskrav er oppnådd
  • utfører målinger på interferens og stråling
  • saksbehandlar saker relaterte til ulovleg frekvensbruk og skadeleg interferens 
  • rettleiing og informasjon til brukarar

Organisasjonsavdelinga

Bertil Solheim er avdelingsdirektør for Organisasjonsavdelinga
Telefon: 22 82 49 01   Mobil: 92 49 34 62   E-post: bertil.solheim@nkom.no

Organisasjonsavdelinga varetar stabsfunksjonar for direktøren ved Nkom, bidreg til organisasjons-, strategi- og systemutvikling, og er sentral i arbeidet med verksemds- og økonomistyring i Nkom. Avdelinga har ei viktig rolle i styringsdialogen med overordna departement.

Avdelinga består av tre seksjonar med ansvar for leveransar innanfor økonomi og styring, IT og HR og fellestenester. Avdelinga varetar også lover og reglar som gjeld for statlege verksemder og tilsette i Nkom.

Fagsjef Kjetil Dale Stormyr hjelper til med leiingsstøtte innanfor endringsbehov, strategisk planlegging, handlingsplanar og mål og risikostyring.

Økonomi og styring

Seksjonssjef Bjarne Fredriksen

  • økonomistyring i Nkom
  • verksemdsstyring, risikovurdering og målstyring
  • budsjett og rekneskap
  • løn, fakturabehandling
  • offentlege anskaffingar og internkontroll
  • tilskotsforvaltning
  • styringsdialog med overordna departement

IT

Seksjonssjef Ole Lesteberg

  • IT-drift
  • systemforvaltning og utvikling
  • beredskap
  • oppfølging av eksterne IT-leveransar
  • IT-sikkerheit
  • statlege føringar, retningslinjer og utgreiingar innanfor IT

HR og fellestenester

Seksjonssjef Marit M. Samuelsen

  • HR
  • løns- og personalpolitikk
  • rekruttering
  • arkiv og dokumentforvaltning
  • drift av sentralbord, kantine og bygg
  • intern informasjon

Kontaktinformasjon til alle ansatte

Her finn du kontaktinformasjon til alle ansatte i Nkom.