Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Marked Nummerforvaltning E.164 Nummerplan 4-sifra nummer for nummeropplysning (18xx)
Sist oppdatert

4-sifra nummer for nummeropplysning

Interesserte tilbydarar kan søkje om å få tildelt 4-sifra nummer som er sett av til nummeropplysningstenester. Hundre nummer er sette av til nummeropplysningstenester, og femti av desse er gjorde tilgjengelege i fyrste omgang. Dette gjeld nummera 1850 - 1899. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) tar imot søknader frå nye aktørar og tildeler nummer etter "fyrst-til-mølla"-prinsippet.

Søknadene om 4-sifra nummer til opplysningsteneste vil bli vurderte av tilsynet før ei eventuell tildeling av nummer skjer. Det går fram av § 6 i nummerforskrifta kva slags informasjon søkjarane bør leggje fram. I tillegg til søkjaren sitt namn, adresse, kontaktperson og ynskt nummer, skal søknaden innehalde ei skildring av tenesta nummeret skal brukast til og teknisk realisering av tenesta. Avslutningsvis vil det vere naudsynt med informasjon om når tenesta vil vere operativ.

Nkom vil i samband med tildelinga innkrevje gebyr på kr 100 000 for kvart enkelt nummer som blir tildelt. Dette er eit eingongsgebyr. Blir ikkje dette beløpet betalt, vil nummeret bli drege attende. Vidare vil Nkom fakturere ei årleg sektoravgift på kr 3 000 for kvart tildelte nummer. Vi viser i denne samanhengen til forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit § 6. Gebyr og sektoravgift skal dekkje kostnadene til Nkom i samband med planleggings-, registrerings- og tilsynsverksemd for nummeropplysningstenestene. For tildelingar mellom 1. juli og 31. desember betaler ein halv sektoravgift i inneverande år.

Søkjarar som får tildelt nummer til nummeropplysningstenester, vil normalt bli pålagde å ta i bruk nummeret innan seks månader etter tildelinga. Tilbydarar som ikkje er operative innan fristen, vil kunne få nummeret drege attende.

Alminnelege vilkår for nummeropplysningsteneste

Tilbydaren skal syte for at tenesta blir driven i samsvar med personvernlovgjeving og norsk lovverk elles.

Nummeret skal berre brukast til nummeropplysningstenester.

Tenesta kan innehalde opningar for vidarekopling (call completion) til eit valt nummer.

Informasjon til brukarane skal vere nøytral. Det er ikkje tillate å gje informasjon om verksemder på bakgrunn av at vedkomande verksemd har betalt særleg vederlag for dette.

Tilbydaren skal ha oppdatert oversikt over alle abonnentar av offentleg telefoniteneste i Noreg, både i faste og mobile nett, med unntak av abonnentar som har reservert seg mot at informasjonen er tilgjengeleg. Opplysningar skal omfatte namn, adresse og telefonnummer til abonnenten.

Nummeropplysningstenester skal vere tilgjengelege for alle brukarar uavhengig av kva nett oppropet kjem frå. Det vil m.a.o. ikkje vere mogleg å få tildelt eit 4-sifra nummer for å starte nummeropplysningstenester som berre er tilgjengelege for nokre brukarar.

Nkom ynskjer å presisere at nummer i serien 1850-1899 ikkje kan brukast til opplysningstenester som berre blir tilbodne via SMS. SMS-baserte tenester eller ved hjelp av aksessnummer, som til dømes 1990 eller 1999. Desse aksessnummera blir tildelte av mobiloperatørane, ikkje av Nkom. Telefonnummera i serien 1850-1899 vil derfor ikkje bli tildelte aktørar som har tenkt å bruke nummera berre til SMS-baserte tenester. Ein skal kunne nå opplysningstenesta via den ordinære telefontenesta.

Vidare blir det opplyst at 4-sifra nummer som blir tildelte, ikkje kan overdragast til andre aktørar utan samtykke frå Nkom.

Finn Nkom at nokre av aktørane bruker eit 4-sifra nummer i strid med nokre av vilkåra i tildelinga, vil nummeret kunne bli drege attende. Innbetalt gebyr vil i så fall ikkje bli refundert.