Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Marked Nummerforvaltning E.164 Nummerplan 5-sifra nummer
Sist oppdatert

5-sifra nummer

I den norske nummerplanen er det sett av 8.000 5-sifra staduavhengige telefonnummer, serien 02000 - 09999. Den 5-sifra nummerserien er spesiell for den norske nummerplanen, og det er svært få andre land, om nokon, som har innført ein tilsvarande nummerserie. 5-sifra nummer vil vere godt eigna til bruk for informasjonstenester og i samband med marknadsføring og sal av varer eller tenester. Slike nummer er kortare og kan dermed vere lettare å hugse enn normale 8-sifra nummer.

Søknad om 5-sifra nummer må sendast på eige søknadsskjema til Nkom. Søknadsskjema finn du nederst på sida.

Innleiing

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) tildeler 5-sifra nummer enkeltvis direkte til sluttbrukarar etter søknad. Sluttbrukarar som søkjer om tildeling av 5-sifra nummer, vil til kvar tid kunne velje blant alle ledige nummer. Nkom publiserer ei liste over status for alle 5-sifra nummer der det går fram kva nummer som er tildelte og kva for nokre som er ledige.

Søknader om 5-sifra nummer vil bli behandla i den rekkjefølgja Nkom tek mot dei. Mottekne søknader blir journalførte fortløpande og behandla så raskt som råd, seinast tre veker etter at korrekt og fullstendig søknad er motteken.

Tildeling av eit 5-sifra nummer gjev ein sluttbrukar bruksrett, men ikkje eigedomsrett til nummeret. Eit 5-sifra nummer kan ikkje dragast over til andre utan samtykke frå Nkom.

Søkjar må, etter tildeling, sjølv ta kontakt med ein tilbydar for å få satt nummeret i drift. Det kan vere lurt å sjekka prisar og moglegheit for teknisk drift før søknad om tildeling av 5-sifra nummer sendast til Nkom.

I samsvar med gjeldande regelverk kan 5-sifra nummer tildelast til to hovudkategoriar av føremål:

  1. ikkje-kommersielle føremål av samfunnsnyttig karakter, og
  2. andre føremål.

Det vil gjelde spesielle restriksjonar for bruk av 5-sifra nummer som blir tildelte til ikkje-kommersielle føremål av samfunnsnyttig karakter.

Funksjonalitet for 5-sifra nummer

Eit 5-sifra nummer er staduavhengig og såleis uavhengig av innehavaren si geografiske plassering i Noreg. Eit 5-sifra nummer vil bli konvertert til eit vanleg 8-sifra nummer før eit opprop til eit slikt nummer blir terminert. Dersom innehavaren ynskjer det, kan eit 5-sifra nummer brukast i samband med avanserte rutingfunksjonar, til dømes tidsavhengig eller stadavhengig ruting, tilsvarande som for visse typar staduavhengige nummer i 8xx-serien. Ulike opprop til same 5-sifra nummer kan dermed terminere på fleire ulike geografiske stader, avhengig av klokkeslett og/eller kvar ein ringjer frå.

Alle tilbydarar av offentleg telefonteneste i Noreg skal kunne formidle samtalar til eit 5-sifra nummer, slik at det er mogleg å ringje til eit 5-sifra nummer frå alle telefonar tilknytte eit norsk telefonnett.

Samtalar til 5-sifra nummer skal takserast på normal måte, dvs. at den som ringjer (A-abonnenten) betaler for ein samtale til eit 5-sifra nummer. Dette er tilsvarande prinsipp som blir brukt for 815-serien. Kvar enkelt tilbydar av offentleg telefonteneste fastset sjølv sin konkrete takst for samtalar til den 5-sifra nummerserien.

For å sikre full fleksibilitet for sluttbrukarar som får tildelt eit 5-sifra nummer, er alle 5-sifra nummer portable mellom tenestetilbydarar. Innehavaren av eit 5-sifra nummer vel sjølv sin tenestetilbydar og kan behalde sitt 5-sifra nummer ved eventuelt skifte av tenestetilbydar. Nkom anbefaler å undersøkje med ynskja teletilbyder at denne kan levere teneste på eit 5-sifra nummer, samt informasjon som abonnementsvilkår, priser og kor lang tid det tar å sette eit 5-sifra nummer i drift, før innsending av søknadsskjema.

Opprop til 5-sifra nummer i Noreg frå utlandet kan frå visse land opplevast som problematisk, ved at ein ikkje kjem fram til den ein ringjer til. Dette skriv seg frå at nokre utanlandske nettoperatørar ikkje har opna for trafikk til dei norske 5-sifra telefonnummera. Det finst dessverre ingen oversikt over kva land og kva for tilbydarar der dette er eit problem. Nkom arbeider saman med norske tilbydarar for å auke tilgjenget. For informasjon om eventuelle problem knytte til opprop til 5-sifra nummer, må den enkelte norske tilbydar kontaktast.

Årleg avgift for 5-sifra nummer

Ein sluttbrukar som har fått tildelt eit 5-sifra nummer, skal betale eit årleg vederlag for retten til å inneha og bruke nummeret. Vederlaget vert kravd inn av Nkom. Summen er samansett av ei sektoravgift til Nkom og ei avgift til staten. Sektoravgifta går til å dekkje Nkom sine kostnader med administrasjon av nummerserien. Avgifta til staten går til inntekt på statsbudsjettet. Den statlege avgifta er heimla i nummerforskrifta § 22a og sektoravgifta i forskrift om sektoravgift og gebyr til Nkom § 6.

Dei 5-sifra numra er delte inn i seks priskategoriar ut frå tabellen nedanfor. Sektoravgifta til Nkom er på kr 2 000 uavhengig av kategori, medan avgifta varierer frå kr 2 700 til kr 121 700.

KATEGORI

SAMLA ÅRLEG SUM

Kategori A

Kr 123 700 pr. år

Kategori B

Kr 88 700 pr. år

Kategori C

Kr 68 700 pr. år

Kategori D

Kr 48 700 pr. år

Kategori E

Kr 23 700 pr. år

Kategori F

Kr 4 700 pr. år

For tildeling av 5-sifra nummer til ikkje-kommersielle føremål av samfunnsnyttig karakter gjeld eigne regler for vederlag, sjå nedanfor.

For 5-sifra nummer som blir tildelte av Nkom før 1. oktober, må heile den årlege summen betalast. For tildelingar mellom 1. oktober og 31. desember betaler ein berre sektoravgifta for inneverande år, ikkje den statlege avgifta. For tildelingar mellom 1. juli og 31. desember betaler ein dessutan berre halv sektoravgift i inneverande år. Påfølgjande år vil ein bli kravd for både full sektoravgift samt avgifta til staten.

Dersom nummeret skal leverast attende til Nkom, må dette gjerast skriftleg før 31. desember i inneverande år for å unngå betaling påfølgjande år. Dersom oppseiinga er sendt etter årsskiftet, men innan 1. april, fell avgifta til staten bort, medan sektoravgifta til Nkom pålydande kr 2 000 likevel må betalast.

Ved oppseiing må innehavaren av det 5-sifra nummeret sjølv kontakte eigen tilbydar for teknisk avvikling.

Tildeling til ikkje-kommersielle føremål av samfunnsnyttig karakter

I samsvar med nummerforskrifta § 22 reknar ein blant anna dette som ikkje-kommersielle føremål av samfunnsnyttig karakter:

  1. landsomfattande krise- og kontakttelefonar,
  2. landsomfattande offentlege tenester,
  3. landsomfattande nummer for humanitære/ideelle organisasjonar, eller
  4. felles landsomfattande nummer for offentleg legevakt, sjukehus, politi eller liknande for bruk ved ikkje-naudsituasjonar

Nkom avgjer kva føremål som fell inn under nemninga. Det er kravd at organisasjonar som får tildelt et 5-sifra nummer for ikkje-kommersielle føremål av samfunnsnyttig karakter, skal ha eit permanent kontor. Nummeret kan ikkje brukast til kommersiell marknadsføring eller sal av varer eller tenester.

Tildeling av 5-sifra nummer til ikkje-kommersielle føremål av samfunnsnyttig karakter kan berre gjerast frå nummer i lågaste priskategori (kategori F). For slike tildelingar betaler ein ikkje årleg avgift til staten, men blir berre kravd for den årlege sektoravgifta til Nkom på kr 2 000. Dette skal dekkje ein høveleg del av Nkom sine kostnader i samband med administrasjon av den 5-sifra nummerserien.

Praktiske opplysningar

Søknad om 5-sifra nummer må sendast på eige søknadsskjema til Nkom. Ein kan velje mellom elektronisk søknadsskjema (e-skjema) via Altinn og skjema i PDF-/Word-format, som må sendast til firmapost@nkom.no. Lenke til e-skjema og eksemplar av søknadsskjema for manuell utfylling finst nedst på denne sida.

Nkom vil anbefala søkjarar å nytta e-skjema via Altinn. Søknadar som kjem inn via Altinn vil bli automatisk handsama hos Nkom. Ein er då sikra ei kortare handsamingstid og eit raskare svar enn ved søknadar sendt inn på PDF-/Word-format, som blir manuelt handsama. Søknadar via e-skjema blir prioritert.

For overdraging av bruksretten til 5-sifra nummer skal ein nytta eige skjema, som ein finn nedst på denne sida. Ved oppseiing av bruksrett til 5-sifra nummer treng ein ikkje eige skjema – det er tilstrekkeleg med ein e-post til same adresse som over. Både overdraging og oppseiing blir handsama manuelt.

Pris for å ringe 5-sifra nummer

Nkom gjer oppmerksam på at den prisen innringar betaler for anrop til 5-sifra nummer og andre spesialnummer kan vere høg samanlikna med anrop til mobilnummer eller fastnettsnummer. Prisane varierer, og ein prisoversikt for kvart abonnement skal finnast på heimesidene til tilbydaren. 

Dei som har eit 5-sifra nummer kan ynskje å vere tilgjengeleg på eit ordinært fastnettsnummer i tillegg til det 5-sifra nummeret, typisk til bruk for kundar som ofte ringer nummeret. Desse kan då spørje tilbydaren sin om dette.

Skjema