Totalt løyver regjeringa 43 millionar kroner ekstra på årets budsjett til fleire tiltak som tryggjer norsk olje- og gassproduksjon.
Sjøfiberkablar utgjer ein viktig del av den digitale infrastrukturen på sokkelen. Ny teknologi kan påvise moglege truslar mot sjøfiberkablar, til dømes ved å analysere akustiske signal. Forstyrringar av satellittbaserte tenester, slik som GPS, kan vere ei utfordring for fleire næringar. 

Regjeringas tiltakspakke består av:
•    Ei støtteordning for innkjøp av ny teknologi som gjer at truslar mot sjøfiberkablar kan identifiserast.
•    Midler til å gjennomføre undersøkingar av viktige sjøfiberstrekk.
•    innkjøp av utstyr som kan avdekke forstyrrelser av satellittbaserte tenester med til dømes GPS på norsk sokkel. 

— Med desse tiltaka vil regjeringa styrke tryggleiken på norsk sokkel, både når det gjeld utfall av telekomtenester og førebygging og handtering av moglege truslar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).