Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Marked Nummerforvaltning E.164 Nummerplan Nummer for fellesfakturerte tjenester (teletorg og SMS-baserte tjenester)
Sist oppdatert

Nummer for fellesfakturerte tenester (teletorg og SMS-baserte tenester)

Ein kan få fellesfakturerte innhaldstenester via telefonnummerseriane som byrjar med 820 og 829 (teletorg) og via 4- og 5-sifra kortnummer for SMS-baserte tenester.

Teletorg

Nummerseriane 820 og 829 er sette av for fellesfakturerte tenester (teletorg). 820-serien blir brukt til nyttetenester, medan 829-serien blir brukt til underhaldningstenester. Nkom tildeler nummerseriar i 820- og 829-serien til teletilbydarar og ikkje direkte til innhaldsleverandørar. Innhaldsleverandørar som vil tilby fellesfakturert teneste over slike nummer, må kontakte ein tilbydar som har fått tildelt slike nummer frå Nkom og som tilbyr tenesteplattform for slike løysingar.

Liste over tildelte nummer (automatisk generert PDF, heile nummerplanen)

SMS-baserte innhaldstenester

Nkom forvaltar og tildeler ikkje kortnummer for SMS-baserte innhaldstenester. Dei 4- og 5-sifra nummera som blir brukte for slike tenester, blir disponerte av dei mobile netteigarane i fellesskap.

SMS-nummera kan i utgangspunktet brukast parallelt av netteigarane, og same SMS-nummer vil dermed kunne ha ulik innhaldsteneste. Dei mobile netteigarane i Noreg koordinerer likevel nummertildelingane slik at innhaldsleverandørane får tildelt same SMS-nummer i alle nett. På den måten kan innhaldsleverandørane tilby same teneste til alle sluttbrukarane via same nummer.

Nokre gonger vil nummeret som visast hos mottakar vere lengre enn fire eller fem siffer. Då vil det vere dei fire eller fem første nummera som er avsendar sitt SMS-nummer. Dei resterande siffera vil vera ein dialog-ID som gjer det mogleg for mottakar å svara på meldinga utan å måtte nytta kodeord.

Eventuelle spørsmål om tildeling, priser, innehavarar av enkeltnummer eller liknande kan rettast til dei mobile netteigarane.

Telenor og TeliaSonera har organisert si handsaming av SMS-baserte innhaldstenester i selskapet Strex AS. Du kan finne informasjon om innhaldsleverandørar og kva for SMS-nummer dei bruker, her: https://strex.no/kundeservice/sporsmal-og-svar 
(lenkje til oversikt finst under spørsmål 11).