Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Forbruker Sikkerhet Sikkerhet og beredskap Utfall i mobilnettet
Sist oppdatert

Utfall i mobilnettet

I visse situasjonar kan mobilnettet falle heilt ut. Dette kan kome av fysiske skadar på basestasjonar eller anna nettutstyr, systemfeil hos operatøren eller langvarige straumbrot.

Dette kan du gjere sjølv:

  • Sjekk kva for mobilnett leverandøren din bruker. Skaff deg eit reserve-SIM-kort – for eksempel eit kontantkort – frå ein tilbydar som bruker eit anna mobilnett enn det du nyttar til dagleg. TeliaSonera Norge AS (NetCom) og Telenor Norge AS eig landsdekkjande mobilnett i Noreg.
  • Dersom det er straumbrot, kan du nytte batteridrivne mobilladarar. Mange har også høve til å lade mobiltelefonen i bilen.
  • Dersom du har andre menneske rundt deg, kan du undersøkje om nokon har eit mobilnett som fungerer, og spørje om å få låne ein mobiltelefon til viktige samtalar. Du kan også undersøkje om det er fasttelefonar i nærleiken.
    Du kan ringje nødnummeret 112 sjølv om det ikkje er dekning i mobilnettet ditt, så lenge du er i dekningsområdet til eit anna mobilnett. Det kan hende du må ta ut SIM-kortet før du ringjer 112. Ver merksam på at du ikkje kan ringje 110 (brann) og 113 (AMK) utan SIM-kort. Dersom det er brannvesenet eller AMK du ønskjer å nå, vil 112-sentralen vidareformidle telefonen din.