Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Sikkerhet og beredskap Råd til brukere Hvis mobilnettet ikkje fungerer
Sist oppdatert

Hvis mobilnettet ikkje fungerer

Dersom det oppstår ei krise, kan det vere svært viktig at ein kan ringje eller ta imot samtalar. Derfor bør du setje deg inn i kva for forholdsreglar du bør ta - og kva som elles er mogleg – dersom mobilnettet ikkje fungerer.

Under ei krise kan mobilnettet vere sårbart. Det kan bli overbelasta dersom mange menneske i eit område ringjer samtidig. Det hender også at mobilnettet blir ramma fysisk under ei krise. Det kan skje som ei direkte følgje av for eksempel flaum og skred eller som ei indirekte følgje av langvarige straumbrot.