Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Radiolinje, satellitt og PMSE Satellitt Satellittnavigasjon
Sist oppdatert

Satellittnavigasjon

Per dags dato fins det to GNSS-system (Global Navigation Satellite Service) som er tilgjengeleg i Noreg; det amerikanske GPS og det russiske GLONASS. Begge systema baserer seg på satellittar som går i bane 20 000 km over jordoverflata. På grunn av den store avstanden til satellittane er signalet på bakken svært svakt. I praksis må ein derfor har fri sikt til satellittane for å få tilstrekkeleg signalkvalitet. Dette betyr også at slike system er sårbare for interferens.

GNSS-repeater

For køyrety, eksempelvis utrykkingskøyrety, som treng rask fiks på posisjon, men som står parkert i ein garasje kan gjere nytte av ein GNSS-repeater. Slikt utsyr har ei antenne montert utandørs som tek imot GNSS-signalet. Signalet går så gjennom ein kabel til ein radiosender montert innandørs som forsterkar signalet og sender det ut. GNSS-repeatarar kan ikkje nyttast til innandørs navigasjon sidan den einaste posisjonen ein vil få, er posisjonen til antenna som er montert utandørs. Det er krav til individuelt frekvensløyve for bruk av GNSS-repeater. 

GNSS-pseudollitt

For å kunne navigere med ein GNSS-mottakar i eit område der ein ikkje har fri sikt til satellittane, kan ein sette opp så kalla GNSS-pseudollittar. Desse etterliknar ein GNSS-satellitt og gjer at ein kan navigere innandørs sjølv om ein ikkje kan ta i mot vanlege satellittsignal. 

Trygg og sikker posisjonering gjennom bruk av GNSS er svært viktig for samfunnet. Det er derfor viktig at mottak av navigasjonssignal ikkje vert forstyrra. Feil bruk og feil montering av repeaterar eller pseudollittar kan føre til forstyrringar for andre brukarar av GNSS. Derfor er det krav om løyve frå Nkom for bruk av slikt utstyr. Nkom vil følgje CEPT sine retningsliner for bruk av slikt utstyr. 

Differensiell GPS

For å betre nøyaktigheita til GPS kan ein nytte ein referansestasjon med kjent posisjon. Referansestasjonen måler avviket og sender ut eit korreksjonssignal til kompatible mottakarar. Gjennom fribruksforskrifta er det sett av 4 frekvensar til dette formålet: 419,4375 MHz, 419,4625 MHz, 419,5375 MHz og 419,5625 MHz. Maksimal bandbredde er 25 kHz og makimalt utsendt effekt er 25 W.