Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Radiolinje, satellitt og PMSE Satellitt Fribruk
Sist oppdatert

Fribruk

Gjennom den såkalla fribruksforskrifta er dei mest vanlege bruksområda for satellittkommunikasjon lov å bruke utan individuelt frekvensløyve. Kjem din bruk inn under bruken som er lista under kan du ta i bruk utstyret ditt utan vidare godkjenning frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

Satellittjordstasjonar

Med satellittjordstasjonar meiner vi utstyr for satellittkommunikasjon som er stasjonært eller mobilt, men som er signifikant større enn handhaldt utstyr. Very Small Aperture Terminal (VSAT) og Satellite News Gathering (SNG) er ofte brukte namn på slike satellittjordstasjonar. Jordstasjonane har som oftast ei parabolantenne med ein diameter på 0,5-2 meter. Om jordstasjonen er stasjonær eller mobil spelar inga rolle, til og med bruk frå fly er lov (merk: radioutstyr i luftfarty må registrerast). 

Dersom din jordstasjon sender med maksimalt 80 dBW e.i.r.p. og innanfor Ku- eller Ka-band kjem den inn under fribruk:

  • Ku-band:       14,0-14,5 GHz
  • Ka-band:       29,5-30,0 GHz

Satellitt-terminalar

Med satellitt-terminalar meiner vi mindre utstyr som gjerne er handhaldt eller montert på anna utstyr. Satellitt-terminalar vert ofte nytta til tale, sporing, flåtestyring og utveksling av mindre datamengder. Om ditt utstyr opererer i eitt av frekvensbanda gitt under kjem det inn under fribruk:

  • 148,125-149,900 MHz
  • 401,620-401,680 MHz
  • 1610,0-1645,5 MHz
  • 1646,5-1660,5 MHz
  • 1670-1675 MHz
  • 1980-2010 MHz

Satellitt-terminalar som opererer i desse banda nyttar som oftast tenestene til Iridium, Thuraya, Globalstar, Inmarsat, Argos eller Orbcomm.