Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Radiolinje, satellitt og PMSE Satellitt Lisenspliktig bruk
Sist oppdatert

Lisenspliktig bruk

For satellittkommunikasjon som ikkje kjem inn under fribruk må det søkast til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Det mest brukte bandet som krev individuelt løyve er det såkalla C-bandet. Slike satellittforbindelsar har typisk opplink mellom 5925-6425 MHz og nedlink mellom 3700-4200 MHz.

C-band jordstasjonar er eit godt eksempel på kvifor slike jordstasjonar må ha individuelt løyve. Frekvensbandet som opplinken ligg i er også brukt til radiolinje (det er svært vanleg at frekvensband for satellitt er delt med radiolinjer). Så for kvar ny jordstasjon, må ein sjekke at denne ikkje vil skape interferens for dei allereie etablerte radiolinjene. Dette kallar vi nasjonal koordinering.

Dersom ein jordstasjon er i nærleiken av våre naboland kan det vere at ein må koordinere med dei også (Nkom sjekkar om slik koordinering er naudsynt). Ein sender då relevant informasjon til dei nabolanda det gjeld og dei gjer nødvendige berekningar. Når alle har gått med på koordineringa kan ein anten slå seg til ro med det eller ein kan ta steget vidare og melde jordstasjonen inn til ITU. Det er ein prosess som krev meir arbeid og ITU skal også ha dekt sine utgifter. Dette siste steget vil vi berre anbefale for særleg viktige jordstasjonar som skal brukast i lang tid framover og som treng internasjonalt anerkjent vern.