Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Mobilkommunikasjon Privat mobil radio (PMR) Digital Mobil Radio (DMR)
Sist oppdatert

Digital Mobil Radio (DMR) - for grupper med eigne kommunikasjonsbehov

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) er mellom anna ansvarleg for tildeling av løyve for radiosamband og forvaltning av radiofrekvensspekteret. På denne sida finn du informasjon om digital mobil radio. Nkom og godkjende radioforhandlarar kan hjelpe til i spørsmål om søknad om løyve og søknadsprosess.

Informasjon om anskaffing av digital PMR

Frekvensar

Nye digitale nett vil få frekvensar som er avsett til formålet. Men dersom ein har eit analogt nett og ynskjer å gå over til digitalt, så treng ein ikkje søke om nye frekvensar, men berre melde i frå til Nkom om endringa.

Ein bør velje frekvensband ut i frå det sambandsbehovet ein ynskjer å dekke.

VHF-samband

Frekvensar i VHF-bandet gjev god rekkevidde i kupert terreng og er det frekvensbandet som er mest nytta til PMR (Profesjonell Mobil Radio). Jakt- og sikringsradio og maritim VHF er døme på brukarar av dette frekvensbandet. Brann, politi og helse nyttar også VHF, men er på veg over til det nye naudnettet som nyttar TETRA-teknologien i eit anna frekvensband.

UHF-samband

Samband på desse frekvensane er spesielt godt egna om ein har behov for samband innandørs, i betongkonstruksjonar som på ein anleggsplass. Rekkevidda kan opplevast som noko mindre enn VHF-samband i friluft, men UHF sikrar godt lokalt samband om omgjevnadane er krevjande.

Dette er digital og analog PMR

Ein kan velje mellom tradisjonelle analoge system eller nyare digitale system.

  • Netta er mobile radiosambandsnett til internt bruk for ei avgrensa gruppe med eigne kommunikasjonsbehov.
  • Netta kan nytte både éin til éin-kommunikasjon eller éin til mange. I éin til mange kommunikasjon vil alle på radiosambandsnettet høyre kva som blir sagt på sambandet.
  • PMR-netta er geografisk avgrensa.

Føremoner med digitale PMR-nett

Digitale PMR-nett vert stadig meir nytta og utviklinga på dette området er stor. Det er mange føremoner med digitalradio:

  • Kryptering av radiosambandet hindrar avlytting
  • Betre talekvalitet
  • Ein kan sende meldingar internt i radionettet
  • Gruppesamtaler eller privatsamtaler
  • Moglegheit for «linking» av baser via IP
  • Digitale og analoge kanalar i same radio

Dei tradisjonelle analoge sambandsradioane er sjølvsagt framleis aktuelle og kan setjast opp på fleire ulike måtar, alt i frå enkle behov, til meir avanserte løysingar med 5-tone selektivt oppkallsnummer på kvar radio.

TETRA

Terrestrial trunked radio (TETRA) er ein standard for digitalt radiosystem for lukka, gruppeorientert radiosamband som er spesielt utvikla for offentlege naud- og beredskapstenester, men som også vert nytta av andre profesjonelle brukarar, spesielt innan transportsektoren, Forsvaret og andre tidligare store brukarar av PMR.

Naudnettet som vert bygd ut i Noreg er eit døme på kommunikasjonsnettverk som nyttar TETRA-teknologi. Naudnettet vert administrert av Direktoratet for nødkommunikasjon.