Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Nummerforvaltning e.164 nummerplan 6-sifret EØS-harmonisert nummer (116xxx)
Sist oppdatert

6-sifra EØS-harmonisert nummer 116xyz

Den 6-sifra telefonnummerserien frå 116 000 til 116 999 har i EU/EØS-land blitt sett av til bestemte tenester av samfunnsmessig verdi. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) tildeler nummera og fører oversikt over alle tildelte og tilgjengelege nummer i denne serien. Nummera kan tildelast til så vel offentlege som private aktørar/instansar.

Den felleseuropeiske avsetjinga av nummerserien er fastsett i Kommisjonsavgjerd 2007/116/EF. Avgjerda er vedteken EØS-relevant.

EU-kommisjonen set som krav at tenestene som bruker nummer frå denne serien skal oppfylle eit spesifikt behov i samfunnet. Dei skal medverke til velferd og tryggleik for innbyggjarane, eller vende seg til særskilte befolkningsgrupper eller innbyggjarar som er i vanskar. Det blir også sett meir spesifikke krav til tenestene som får bruke nummer frå denne serien. Tenestene skal:

  1. tilby informasjon, hjelp eller fungere som ein rapporteringskanal for brukarane, eller vere ein kombinasjon av desse 
  2. vere open for alle brukarar utan krav om førehandsregistrering 
  3. ikkje vere tidsavgrensa til kampanjeperiodar
  4. ikkje medføre noka form for betaling eller betalingsforplikting som ein føresetnad før ein kan nytte seg av tenesta 
  5. ikkje ha reklame, underhaldning, marknadsføring eller sal under ein samtale eller så lenge linja er oppkopla
  6. ikkje bruke samtaleinformasjon for framtidig sal av kommersielle tenester

Tenestene skal vere gratis å ringje frå fastnett og mobilnett. Tilbydarane skal likevel ikkje måtte betale for trafikken. Det er altså mottakaren av oppropet som skal betale for samtalar både frå fast- og mobilnett.

Nkom kan gjere unntak frå kostnadsfridomen for innringjar frå mobilnett. Den klare hovudregelen er likevel at nummera skal vere gratis å ringje frå begge nett. Unntak frå dette kan tenkjast dersom nummer er sette av til tenester som er av kommersiell karakter.

Nkom har ikkje motteke søknad på nummera:

  • 116 000: Krisetelefon for og om sakna barn 
  • 116 006: Hjelpelinje for offer for kriminalitet

Begge nummera kan det søkjast på.

Prosedyre for tildeling av 116xyz-nummer

Tildelinga av nummer skjer i kvart enkelt EU/EØS-land. Dette inneber at dei som får tildelt nummer i Noreg, skal drive verksemd her.

Nkom kan be om uttaler til søknadene frå relevant fagdepartement og/eller annan relevant faginstans. Desse vil i så fall bli peikte ut av Samferdselsdepartementet.

Nummera kan tildelast til så vel offentlege som private aktørar/instansar. Nkoms vedtak om tildeling kan klagast inn til Samferdselsdepartementet av dei partane som har rettsleg klageinteresse i saka.

Bruksretten til nummeret fell bort dersom nummeret ikkje blir teke i bruk innan seks månader etter tildelinga, eller det seinare over ein periode på minst eitt år ikkje har vore i vedvarande bruk. Nkom kan i særlege tilfelle gjere unntak frå desse fristane.

Moment som kan vere relevante ved utveljinga (lista er ikkje uttømmande):

  • korleis søkjar vurderer oppfyllinga av tenesteskildringa for nummerserien 
  • det geografiske nedslagsfeltet for tenestene 
  • kor tilgjengeleg tenesta er
  • eventuelle aksessmoglegheit via SMS/MMS 
  • det økonomiske fundamentet til søkjaren 
  • røynsle med tilsvarande eller liknande tenester 
  • fagleg kompetanse 
  • kapasitet på tal inngåande linjer 
  • referansar og andre relevante opplysningar.

Søknaden skal sendast til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, Postboks 93, 4791 Lillesand og merkjast ”116-nummer” eller sendast per e-post til firmapost@nkom.no.