Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Nummerforvaltning e.164 nummerplan 3-sifret spesialnummer (1xx)
Sist oppdatert

3-sifra nummer

I samla norsk nummerplan for telefon m.m. (E.164) er nummerseriane 100-115 og 117-179 reservert til bruk som standardiserte spesialnummer.

Det er svært få tilgjengelege standardiserte spesialnummer. Ifølgje forskrift av 16. februar 2004 nr. 426 om nummerressursar for elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester (nummerforskrifta) § 20 skal slike nummer i hovudsak berre tildelast til to føremål:

  1. landsomfattande tenester av stor samfunnstenleg verdi, og
  2. tenester som er nært knytte til den offentlege telefontenesta, og som er med på å forbetre og utvikle denne til beste for sluttbrukarane.

Eksempel på nummer i den første kategorien er naudnumra 110 (brann), 112 (politi) og 113 (ambulanse). Eksempel på nummer i den andre kategorien er 145 (feilmeldingsteneste for telenett).