Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Nummerforvaltning Andre nummerplaner Leverandørkoder (T.35)
Sist oppdatert

Tildeling av T.35 leverandørkodar

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) kan gje løyve til bruk av leverandørkodar, i samsvar med ITU-T rekommandasjon T.35, jf. forskrift om nummerressursar for elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester (nummerforskrifta) § 35.

Leverandørkodar blir brukte til identifisering for produsentar som implementerer ikkje-standardiserte funksjonar i telekommunikasjonsprodukt og skal brukast i samsvar med ITU-T rekommandasjonen T.35.

Sjå eiga skildring frå ITU av ITU-T Rec. T.35.

Produsentar som ynskjer å søkje om leverandørkoder blir bedne om å bruke eige søknadsskjema  (ta kontakt for skjema) som kan sendast til firmapost@nkom.no. Mottekne søknader blir behandla fortløpande, seinast 3 veker etter at korrekt og fullstendig søknad er motteken.

Ein leverandørkode kan ikkje overdragast til andre utan samtykke frå Nkom.

Nkom krev inn gebyr i samband med tildeling og bruk av leverandørkodar, jf. forskrift om gebyr mv. til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet § 3. Det årlege gebyret for disponering av leverandørkodar er kr 3 000.

Dersom leverandørkodar skal leverast tilbake til Nkom, må dette gjerast skriftleg før 31. desember i inneverande år for å unngå betaling påfølgjande år.

Leverandørkodar er samansette av fire oktettar, som vist i tabellen nedanfor.

Oppbygging av oktettstruktur

Leverandørkodens 4 oktettar

Verdi (binært)

Verdi (heksadesimalt)

Landskode - fyrste oktett

1000 0010

82h

Landskode - andre oktett

0000 0000

00h

Produsentkode - fyrste oktett

xxxx xxxx

-

Produsentkode - andre oktett

yyyy yyyy

-

Tabellen nedanfor inneheld oversikt over tildelte leverandørkodar T.35 "Terminal provider code" i samsvar med ITU T.35. Produsenten administrerer sjølv den andre oktetten av produsentkoden.

Produsentkodar T.35 (Terminal provider code)

Namn

Fyrste oktett (binært)

Andre oktett (binært)

Samanlagt (heksadesimalt)

Prox Dynamics AS

0001 0000

0000 0000

10h 00h

PEXIP AS 

 0001 0001

 0000 0000

 11h 00h

Tabellen nedanfor inneheld kontaktinformasjon til firma som er gjevne løyve til bruk av leverandørkodar, i samsvar med ITU-T rekommandasjon T.35.

Brukarar av leverandørkodar T.35 H264

Firmanamn

Adresse

Kontaktinformasjon

Kontaktperson

Prox Dynamics AS

PO Box 22
1378 Nesbru
Norway

Telephone: +47 6677 9100
Fax: +47 6677 9101
Email: mail@proxdynamics.com

Ottar Røed
VP Operations
Telephone: +47 9549 8991
Email: ottar.roed@proxdynamics.com

PEXIP AS

Fornebuveien 42 1366 LYSAKER
Norge 

Håkon Dahle
Mobil: 98289871
Email: hd@pexip.com 

Simen Teigre
Mobil: 98289843
Email: simen@pexip.com