Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Frekvensauksjoner Auksjoner Om frekvensauksjonar
Sist oppdatert

Auksjonar

Dersom Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) vurderer etterspurnaden etter frekvensar i eitt eller fleire frekvensband slik at det er grunnlag for bruk av auksjon, vil dette bli publisert her. Auksjon vert nytta som verkty for å avgjere kven av søkjarane som skal få tildelt frekvensløyve.

Når Nkom får søknad om spektrumsløyve, vil Nkom informere om dette på vår hjemmeside og på e-postvarsel. Ved publisering av mottatt søknad vil det bli satt ein frist for andre til å søkje om løyve til dei frekvensane det gjeld. Denne fristen er normalt tre veker.

Dersom det ved utløpet av fristen ikkje har meldt seg konkurrerande søkjarar vil den opphavlege søkjaren normalt få tildelt spektrumsløyve. Dersom Nkom finn at det er grunnlag for det, kan vi likevel avgjere at frekvensløyve skal tildelast ved auksjon.

Dersom det melder seg fleire konkurrerande søkjarar og etterspurnaden overstiger tilbodet, vil Nkom fordele frekvensane ved auksjon.

Frekvensforvaltaren (Nkom eller SD) vil også kunne nytte auksjon direkte, utan å ha mottatt søknad om frekvensløyve.

Gjennomføring av frekvensauksjonar

Prosessen som må gjennomførast før ei frekvenstildeling er i stor grad den same kvar gong. Nkom vil derfor følgje ein standard gjennomføringsplan for tildelingar. Arbeidet med førebuing og gjennomføring av auksjon bør startast 12-20 månader før sjølve tildelinga, avhengig av kompleksiteten i prosessen. Nkoms standard gjennomføringsplan vil følgje løpet skissert i figuren.

Auksjonar - prosess

For å sikre ein god og føreseieleg prosess for bransjen og for alle involverte er målsettinga at frekvenstildelingar som involverer eksisterande løyve, skal vere gjennomført seinast to år før løyva går ut. 

Sjå planlagde auksjonar og avslutta auksjonar.