Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Frekvensforvaltning Gebyr og regelverk Sektoravgift og gebyr
Sist oppdatert

Sektoravgift og gebyr

Det skal betalast sektoravgift for alle frekvensløyve. Sektoravgift og gebyr vert utmåla etter forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, anten som eit eingongsgebyr eller som ei årleg sektoravgift. Løyveinnehavar må betala sektoravgift for heile kalenderåret når løyve er gyldig ved starten av kalenderåret. Er løyvet ikkje sagt opp innan 31. desember i eit kalenderår, skal det betalast full sektoravgift for det påfølgande året.

Det skal betalast sektoravgift og/eller gebyr for alle frekvensløyve, jf. ekomloven § 12-1. Grunnlaget for utmålinga av sektoravgift og gebyr finn ein i forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Årets sektoravgift og gebyr finn ein under relaterte dokument til høyre. Innan eit kalenderår er omme publiserast neste års estimerte sektoravgift og gebyr.

I forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit § 4 er det bestemt følgjande om sektoravgifts- og gebyrperiode:

«Sektoravgift skal betalast kvart år for heile kalenderåret når løyvet, registreringa eller autorisasjonen er gyldig 1. januar.

Det skal betalast sektoravgift for heile kalenderåret for registreringar, løyve og autorisasjonar gitt mellom 1. januar og 1. juli. Blir det gitt registreringar, løyve eller autorisasjonar etter 1. juli, skal det betalast halv sektoravgift.

Løyve, registrering eller autorisasjon som er sagd opp før 1. januar, skal det ikkje betalast sektoravgift for det følgjande året.

Gebyr er eingongsgebyr.»

Nkom tildeler løyve fortløpande gjennom året på bakgrunn av søknader som kjem inn. Søkjaren kan ikkje be om å få eit løyve utstedt til eit bestemt tidspunkt.

Forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit § 4 andre ledd bestemmer at søkjaren skal betale full sektoravgift for det året løyvet vert gitt, når det er gyldig før 1. juli. Når løyvet vert gitt etter 1. juli skal halv sektoravgift betalast.

Forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit § 4 tredje ledd inneber at dersom løyvet ikkje er sagt opp per 31. desember i eit kalenderår, skal det betalast full sektoravgift for det påfølgande året.

Etter ekomloven § 10-8 fyrste ledd kan Nkom trekkje tilbake løyvet dersom sektoravgift eller gebyr ikkje vert betala. Nkom kan også nekte bruk og nekte å utferde nye løyve ved manglande betaling av sektoravgift og gebyr.