Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Elektronisk signatur Selvdeklarasjon Sjølvdeklareringsmodellen
Sist oppdatert

Sjølvdeklareringsmodellen

Den frivillige sjølvdeklarasjonsordninga for sertifikatutferdarar tek sikte på å styrkje tryggingsnivået og tilliten til sertifikattenester og slik medverke til ein auke i bruken av elektronisk ID og elektronisk signatur. Ordninga omfattar derfor også sertifikat med andre tryggingsnivå enn det som gjeld for kvalifiserte sertifikat.

Sjølvdeklarasjonsordning inneber at tilbydar sender inn ei registreringsmelding, ein "sjølvdeklarasjon", til Nkom der ein erklærer at den sertifikattypen som dei tilbyr, oppfyller nærare oppgjevne krav, som er å finne i den til kvar tid gjeldande versjonen av "Kravspesifikasjon for PKI i offentleg sektor".

Ordninga er etablert med heimel i Forskrift om frivillige selvdeklarasjonsordninger av 21. november 2005 nr. 1296. Forskrifta er gjeven med heimel i esignaturlova § 16a.

Nkom fungerer som tilsynsorgan for ordninga og publiserer ei liste over sjølvdeklarerte sertifikatutferdarar med opplysningar om dei sertifikattypane som sertifikatutferdarane har sjølvdeklarert.

Ved avvik frå krava i "Kravspesifikasjon for PKI i offentleg sektor" kan Nkom krevje at sertifikatutferdar legg fram tilleggsdokumentasjon og/eller krevje at det blir utført revisjon av ein uavhengig tredjepart. Tilsynet kan også nekte publisering i tillegg til seinare å fjerne sjølvdeklarerte sertifikatutferdarar frå lista.

Verknadene av ei sjølvdeklarering og kva for bruksområde desse sertifikata kan ha, går ikkje fram av forskrifta. Dette inneber at verknaden vil gå fram av anna regelverk (eller avtaleverk), som då vil ha ei tilvising til sjølvdeklarasjonsordninga. Ei slik kopling finst i Forskrift om elektronisk kommunikasjon med og i forvaltninga (eForvaltingsforskrifta) av 25. juni 2004 nr. 988 § 27 fjerde ledd.

Skjema