Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Elektronisk signatur Kvalifisert sertifikat Kva er kvalifiserte sertifikat
Sist oppdatert

Kva er kvalifiserte sertifikat

Ein digital signatur krev eit elektronisk sertifikat som identifiserer underteiknar. Slike sertifikat kan også brukast til autentisering uavhengig av signaturen.

Gjennom EU-regulering er regelverket for kvalifiserte sertifikata tilnærma lik over store delar av Europa slik at desse sertifikata med tilhøyrande signaturar i langt større grad kan brukast i kommunikasjon over landegrensene. Dette regelverket er i samsvar med EØS-avtalen teke inn i norsk rett ved gjennom esignaturlova og forskrift om krav til utferdarar av kvalifiserte sertifikat m.v.

Utferdarar av kvalifiserte sertifikat må oppfylle særleg strenge krav til rutinar, attåt særlege generelle krav til verksemda si som følgjer av esignaturlova og forskrift om krav til utferdarar av kvalifiserte sertifikat mv. Bruken av nemninga kvalifisert sertifikat er dermed lovregulert og kan berre brukast om sertifikat som oppfyller dei krava som går fram av esignaturlova og forskrift om krav til utferdarar av kvalifiserte sertifikat m.v. For ytterlegare å styrkje mottakaren sin tillit til slike sertifikat, har esignaturlova føresegner om eit særleg erstatningsansvar for utferdarar av kvalifiserte sertifikat.

Sertifikatutferdarane kan stille nokre krav til den som skal bli innehavar av eit kvalifisert sertifikat. Dette gjeld både for privatpersonar og verksemder. 

Alle norske utferdarar av sertifikat som er rekna som kvalifiserte, har plikt til å registrere seg hjå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) før utferdinga av slike sertifikat tek til. Tilsynet publiserer på heimesida si ei oversikt over utferdarar dei som til kvar tid er registrerte.

Nkoms andre oppgåve som tilsynsorgan er å føre tilsyn med at utferdarar av kvalifiserte sertifikat følgjer dei rutinane og krava som følgjer av esignaturlova og forskrifta. I denne samanhengen kan tilsynet krevje at utferdarane gjev dei opplysningane og den dokumentasjonen som tilsynet til kvar tid finn naudsynt. Post- og teletilsynet kan gje pålegg til utferdarane om at forhold som er i strid med esignaturlova og forskrifta må opphøyre, eller stille særlege vilkår som utferdaren må oppfylle. Ved grove eller gjentekne brot på esignaturlova kan Post- og teletilsynet ta frå sertifikatutferdaren retten til å bruke nemninga kvalifiserte sertifikat og samstundes fjerne utferdaren frå tilsynets publiserte oversikt over registrerte utferdarar.
Liknande tilsynsordningar for kvalifiserte sertifikat finst i dei andre landa som er bundne av EU sitt regelverk (EØS-området).