Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Elektronisk signatur Elektronisk signatur Kva er SEID-prosjektet?
Sist oppdatert

Kva er SEID-prosjektet?

Nasjonalt PKI Forum la i juni 2002 fram ein strategi for ein samfunnsinfrastruktur for elektronisk signatur og elektronisk ID i Noreg. Strategien fekk brei tilslutning i ei offentleg høyring hausten 2002. I oppfølginga av strategien utarbeidde PKI Forum ein Handlingsplan som er grunnlaget for etableringa av eit samarbeidsprosjekt for eID og eSignatur, kalla SEID–prosjektet.

Bakgrunn og mål for prosjektet

SEID-prosjektet var eit samarbeidsprosjekt for e-ID og eSignatur mellom ei rekkje aktørar frå offentleg og privat sektor som hadde som mål å medverke til å leggje til rette for

  • størst mogleg grad av samtrafikk mellom aktuelle PKI-leverandørar,
  • ei forenkling av infrastrukturen for brukarstader,
  • og fjerning av tekniske og praktiske hinder for å ta i bruk infrastrukturen.

Gjennom dette arbeidet la ein til rette for ålmenn bruk av eID og eSignatur på tvers av aktørane i den norske marknaden.

Prosjektet hadde i hovudsak eit teknisk fokus, og gjennom tre leveransar vart det utarbeidd omforeinte tekniske spesifikasjonar.

Nkom deltok som observatør i prosjektet og tok ved avslutninga av prosjektet på seg eit ansvar for å forvalte dei dokumenta som skildrar leveransane i prosjektet. 

Prosjektmandatet

Mandatet til prosjektet er definert i prosjektets samarbeidsavtale og er vidare konkretisert i prosjektplanen. Prosjektplanen spesifiserte tre oppgåver:

  1. Med utgangspunkt i relevante internasjonale standardar å utarbeide ein norsk profil for personsertifikat som skal dekkje bruken av både kvalifiserte sertifikat og sertifikat med tilsvarande tillits- og kvalitetsnivå. I tillegg skal ein norsk profil for verksemdssertifikat utarbeidast. 
  2. Utarbeide felles spesifikasjonar for tilgang til sertifikatstatus- og katalogtenester.
  3. Utarbeide norsk profil (format og innhald) i signert objekt.

Med dette utgangspunktet vart det i løpet av prosjektet utarbeidd endelege leveranseskildringar for kvar enkelt av desse oppgåvene.

Prosjektleveransar

SEID-prosjektet har i løpet av 2004 og 2005 ferdigstilt tre leveransar.

Desse tre leveransane består av tre ulike dokument med i hovudsak tekniske spesifikasjonar. Siste versjonar av leveransane i SEID-prosjektet kan lastast ned her: 

  • Leveranse 1: Tilrådde sertifikatprofilar for personsertifikat og verksemdssertifikat
  • Leveranse 2: Grensesnitt for tilgang til Oppslagstenester
  • Leveranse 3: SEID-SDO – format for langtidslagring av elektroniske signaturar