Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Bredbånd Offentlige WIFI-soner Om WiFi4EU stønadsordninga
Sist oppdatert

Om WiFi4EU

WiFi4EU er ei tilskotsordning finansiert av EU for å byggje ut gratis offentlege WiFi-soner. Kommunar eller konstellasjonar av kommunar har rett til å søkje om finansiering.

Kor mykje blir fordelt?

EU investerer 120 millionar euro fram til 2020 med mål om å finansiere utbygging av WiFi-soner i minst 6000–8000 kommunar i Europa. Det vil bli minst 15  tilgjengelege løyvingsbevis for kvart medlemsland per utlysing. Kvart løyvingsbevis vil ha ein verdi på 15.000 euro.

Midlar blir tildelte gjennom søknader, og det er førebels lagt opp til fem utlysingar fram mot 2020. Kommunar og leverandørar kan registrere seg i EU-portalen 6-8 veke før dei opnar for innsending av søknadar etter «første man til mølla» prinsippet.

Organisering av ordninga

Noreg er deltakar i programmet Connecting Europe Facility (CEF Telecom) som jobbar for å utvikle grenseoverskridande infrastruktur og tenester i Europa. Frå 2018 er WiFi4EU innlemma som ein ny DSI (Digital service infrastruktur) under CEF Telecom. Difi har det nasjonale ansvaret for heile CEF Telecom-programmet, medan Nkom vil ha forvaltningsansvaret og fungere som nasjonal koordinator for WiFi4EU.

Kriteria

  • Det kommunale tilbodet må vere gratis, tilgjengeleg for alle (ikkje-diskriminerande vilkår) og ikkje i konflikt med eksisterande tilbod av WiFi-soner, både private og offentlege. Kommunane må garantere drift av WiFi-sonene i tre år.
  • Den visuelle profilen til EU skal nyttast, med opning for lokale tilpassingar.