Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Bredbånd Offentlige WIFI-soner Europeisk stønad til offentlege WiFi-soner
Sist oppdatert

Europeisk stønad til offentlege WiFi-soner

WiFi4EU er ei EU-finansiert støtteordning som vil gje gratis internettilgang av høg kvalitet til innbyggjarar i, og besøkjande til kommunar i Noreg.

Kommunar og konstellasjonar av kommunar, kan søkje om stønad til etablering av dei offentlege WiFi-sonene, men dei må sjølv drifte løysingane.

For å søkje må kommunane først registrere seg i ein søknadsportal. Når utlysinga blir offentleggjord, kan søknaden leverast. Tildelinga skjer etter førstemann til mølla-prinsippet.

Leverandørar kan også registrere seg i ein leverandørportal. Dei registrerte leverandørane må oppfylle juridiske og tekniske krav for å bli akkrediterte som leverandør til tilskotsordninga.