Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Bredbånd Offentlige WIFI-soner Å søkje støtte til WiFi-soner
Sist oppdatert

Å søkje støtte til WiFi-soner

Søknaden om tilskot til gratis offentlege WiFi-soner må kome frå ein kommune eller ei samanslutning av kommunar. Leverandørar må registrere seg og bli akkrediterte ved å erklære at dei oppfyller tekniske og juridiske krav som EU-kommisjonen stiller.

Kven kan søkje om støtte til offentlege WiFi-soner?

Det er berre kommunar eller samanslutningar av kommunar som kan søkje om støtte til offentlege WiFi-soner, ikkje private selskap eller privatpersonar.

Korleis søkje om støtte til WiFi-soner?

Søknadsprosessen vil skje via ein nettportal administrert av EU-kommisjonen. Leverandørar og kommunar vil ha høve til å registrere seg i portalen i ein periode (6-8 veker) fram til ei utlysing formelt blir annonsert. Siste nytt frå EU-kommisjonen er at portalen vil bli publisert i mars.

Leverandørar må registrere seg på nettportalen og bli akkrediterte ved å erklære at dei oppfyller tekniske og juridiske krav som EU-kommisjonen stiller. Kommunane vil dermed få oversikt over potensielle selskap som opererer i sitt nærområde. EU-kommisjonen vil ikkje rangere leverandørar eller gje nokon tilrådingar.

EU-kommisjonen har ambisjon om å behandle søknadene kort tid etter søknadsfristen. Dei kommunane som har fått midlar, skal få melding om det og få sin løyvingsbevis raskast mogleg. Kommunar har 1,5 år til å fullføre installasjonen. Ved ferdigstilling blir løyvingsbevis overført til leverandøren som krev utbetaling frå kommisjonen.

Når EU-kommisjonen lanserer søknadsportalen, vil Nkom publisere informasjon til leverandørar og kommunar med oppfordring om å registrere seg. I perioden før søknadsfrist oppfordrar EU-kommisjonen kommunar til å gå i dialog med leverandørar, slik at prosessen med å definere prosjekta byrjar så tidleg som mogleg.

Kva for dokument er naudsynt for å søkja?

For å kunna søkja, er kommunane pålagt å fullføra registreringa si med følgjande to dokument:

  1. scannet og underskriven samtykkeerklæring, med ein kopi av den juridiske representanten sin (dvs. ordførar / leiar av kommunen) identitetsdokument (til dømes ein ID-kort eller pass).
  2. eit scannet dokument som fastslår at den juridiske representanten (dvs. ordførar / leiar av kommunen) for augneblunken har rett til å representera kommunen.

Dersom den juridiske representanten (dvs. ordførar / kommuneansvarlig) ynskjer å gje ein annan person mandat til å kunna signera elektronisk og utføra andre operasjonar i tilhøve til forpliktingane i tilskottsavtala, må denne personen identifiserast ved å gje følgjande dokument (seinst før signering av tilskottsavtala):

  • «Authorised – Person Form» – Fylt ut og signert av begge dei juridiske representantane (dvs. ordførar / leiar av kommunen og av autorisert person.)
  • Kopi av pass til den autoriserte personen.