Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Spørsmål og svar Stønad til WIFI-soner
Sist oppdatert

Stønad til WIFI-soner

WiFi4EU vil gje gratis internettilgang av høg kvalitet til innbyggjarar i, og besøkjande til, lokalsamfunn over heile EU. Det er venta at minst 75 norske kommunar vil dra nytte av WiFi4EU-ordninga innan 2020. Wi-Fi-soner kan installerast av kommunen og WiFi-installatør ved hjelp av eit løyvingsbevis frå EU.

Initiativet vil bidra til internettaksess av høg kvalitet til innbyggjarar og besøkjande i sentrale delar av kommunane som parkar, møteplassar, bibliotek, turistområde og offentlege bygningar. Gratis offentlege Wi-Fi-soner som er tilgjengelege for alle, er forventa å minske digitale skilje, spesielt på stader som heng etter i den digitale utviklinga.

Sist endret

Det er ein eigen portal der kommunar og samanslutningar av kommunar kan registrere seg i forkant av første utlysing (6-8 veker registreringsperiode), ved å fylle ut eit enkelt registreringsskjema. For å registrere ein kommune må det opprettast ein EU-konto for innlogging.

WiFi4EU sin webportal gjev også leverandørar høve til å registrere og gje opp kvar dei kan tilby tenestene sine slik at støttemottakarane kan konsultere denne lista for eigne anskaffingsføremål.

Etter registreringsperioden er over, vil kommunane kunne søkje (ved å klikke på ein send-knapp) etter at første utlysing er lansert. Det er planlagt 5 utlysingar fram mot 2020.

Sist endret

Det er berre kommunar eller samanslutningar av kommunar som kan søkje om støtte til offentlege Wi-Fi-soner, ikkje private selskap eller privatpersonar. Følgjande juridiske einingar kan søkje på vegner av fleire kommunar:

  1. Kommunale føretak
  2. Vertskommunesamarbeid 
  3. Samkommunar 
  4. Interkommunale selskap 
  5. Interkommunale samarbeid (etter kommunelova §27)
  6. Fylkeskommunar
  7. Kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon (KS)

Samanslutningar av kommunar kan registrere fleire kommunar i portalen, men det vil bli pålagt å sende inn ein søknad for kvar kommune. Kvart løyvingsbevis tildelast ein enkelt kommune som mottakar.

Kvar kommune kan berre få eitt løyvingsbevis gjennom heile tidsperioden til ordninga. Difor kan kommunar som får tildelt eit løyvingsbevis, ikkje kunne søkje om støtte i ei påfølgjande utlysing. Kommunar som søkte og ikkje fekk løyvingsbevis, kan prøve igjen om det er ei påfølgjande utlysing.

Sist endret

Kommunane eller samanslutningar av kommunar kan registrere seg direkte i WiFi4EU-portalen. Det skal gjevast grunnleggjande informasjon om kommunen sin, særleg kontaktinformasjonen til deira juridiske representant og, om dei ønskjer det, detaljane til ein kontaktperson som er utnemnt til å administrere registreringa og søknaden.

Når du registrerer deg som ein kommune, vil det bli kravd følgjande opplysningar som ikkje vil bli offentleggjorde (unnateke namnet på den registrerte kommunen):

  • Land og type organisasjon som skal registrerast (kommune eller foreining)
  • Informasjon om kommunen
    • Namnet på kommunen
    • Offisiell adresse, nummer og postnummer
  • Informasjon om den juridiske representanten
    • Namn og etternamn
    • e-postadresse
  • Informasjon om kontaktpersonen om dette er ulikt frå den juridiske representanten
    • Namn og etternamn
    • Adresse, nummer og postnummer

Kommunane vil IKKJE bli bedne om å inkludere eit teknisk prosjekt eller dokumentasjon om Wi-Fi-nettverket som skal distribuerast. Dei vil heller ikkje trenge ei førebels vurdering av kostnader frå ein leverandør, for å kunne søkje om løyvebevis.v

Sist endret

Portalen er open for registrering her. Registreringa varar i 6-8 veker for å gje tilstrekkeleg tid for kommunane å registrere seg før første utlysing blir lansert.

Sist endret

Når portalen opnast for innsending av søknader, vil dei registrerte kommunane kunne sende inn ein søknad om løyvingsbevis i same portal. Innleveringa kan gjerast ved å klikke på innsendingsknappen.

Datoen for første utlysing vil bli annonsert i portalen, der ei nedteljingsklokke vil vere tilgjengeleg.

Sist endret

Kommunane vil bli valde etter «førstemann til mølla»-prinsippet (basert på dato og klokkeslett for innsending av søknaden). Det vil bli tildelt minimum 15 løyvingsbevis per land ved første utlysing.

Sist endret

Eit løyvingsbevis har ein verdi på EUR 15.000.

Sist endret

Kommunane må syte for at installasjonen av Wi-Fi-sona er fullført innan 1,5 år etter at dei har fått tildelt løyvingsbeviset. Kommunane kan i løpet av denne tida definere prosjektet sitt og velje ein leverandør som kan utføre installasjonen.

Kvar kommune vil fritt kunne velje leverandør til å installere Wi-Fi-sona(ene), så lenge utveljingsprosessen er i samsvar med reglar for offentlege anskaffingar. Kommisjonen vil ikkje gripe inn i kontraktstilhøve kommunen har med leverandøren. Leverandør må vere registrert i portalen for å kunne inngå ein kontrakt med ein vald kommune.

Støttemottakar vil velje området der WiFi4EU-sone skal installerast. Wi-Fi-soner kan berre installerast i område der det ikkje finst nokre liknande tilbod om gratis Wi-Fi-tilkopling.

Kommunane vil stå fritt til å velje sin internett-tilbydar, og det er inga krav om at dette er same selskap som gjer installasjonen av Wi-Fi-sona. Breibandstilknytinga skal levere internett av høg kvalitet til brukarar og støttemottakarar må garantere drift av Wi-Fi-sona i minst 3 år.

Sist endret

WiFi4EU-løyvingsbevis vil dekkje utstyret og installasjonskostnadene for Wi-Fi-soner som oppfyller krava definerte i utlysingsteksten og i tilskotsavtalen som skal signerast med utvalde kommunar. Den valde kommunen er ansvarleg for å betale for tilkopling til internettilbydar (internettabonnement), vedlikehald og drift av utstyret i minst 3 år.

Kostnader knytte til anbodsprosessen (inkludert utarbeiding av referanseplanen), etablering av nødvendig backhaul-tilkopling (t.d. utviding av nettverk) eller tilleggsutstyr som ikkje er spesielt relatert til Wi-Fi-sona, må også dekkjast av kommunen.

Sist endret

For å sikre at løyvingsbeviset skal utbetalast på riktig måte, må leverandøren registrere seg i WiFi4EU-portalen og gje opplysningar om kontaktperson, kontaktdetaljar, geografisk operasjonsområde og bankkontoopplysningar.

Både leverandøren og mottakaren må stadfeste at det lokale nettverket er installert og operativt. Ved stadfesting av at det lokale nettverket faktisk er i drift (fjernovervaking), vil betalinga bli utløyst.

Leverandøren vil då kunne få refundert beløp opp til verdien av løyvingsbeviset frå Europakommisjonen. Eventuell uteståande saldo som ikkje er dekt av eller overskrid verdien av løyvingsbeviset, skal avklarast av støttemottakar.v

Sist endret

Wi-Fi-sona skal installerast ved hjelp av løyvingsbeviset. Kommunane eller andre offentlege organ er ansvarlege for finansiering av internettabonnement og vedlikehald av utstyret som skal tilby gratis internett av høg kvalitet til borgarane sine og besøkjande i minst 3 år.

Mottakarane må bruke den sams visuelle profilen som skal leverast av Kommisjonen og må lenkje til dei tilknytte elektroniske verktøya for ordninga.

Sist endret

Støttemottakarar kan bruke WiFi4EU-løyvingsbevis til delvis å finansiere eit prosjekt med høgare verdi; Difor vil eventuelle utstyrs- og installasjonskostnader utover verdien av løyvingsbeviset, falle under kontrakten mellom leverandøren og mottakaren.

Sist endret

Leverandørar kan registrere seg på ei eiga side i WiFi4EU-portalen. Dei vil bli bedne om å gje følgjande opplysningar:

  • Informasjon om selskapet
    • Firmanamn
    • Offisiell adresse, by, postnummer og land
    • VAT-nummer
    • Nettsida til selskapet (valfritt)
    • BIC og bankkontonummer (IBAN-format)
  • Informasjon om det geografiske området der selskapet opererer 
  • Informasjon om kontaktperson.
    • Namn og etternamn
    • Landskode og telefonnummer
    • e-postadresse

Leverandørar må vere registrerte i portalen for å kunne inngå ein kontrakt med ein vald kommune. Dette skal sikre at leverandør kan løyse inn løyvingsbeviset når installasjonen er fullført.

Sist endret

Tekniske detaljar og krav til utstyr og installering vil bli opplyste om når søknadsportalen blir opna for registrering av kommunar og leverandørar. Det vil bli utvikla av EU eit autentiseringssystem for alle brukarar i heile EU-området. Autentiseringssystemet vil basere seg på eduRoam, som er eit føderert nettverk finansiert av GÉANT  som tilknyter universitet i Europa. Nettverket omfattar meir enn 570.000 basestasjonar over heile verda, med EUR 2.124 milliardar autentiseringar sidan byrjinga av 2017.  Det eksisterer i dag 453 Wi-Fi-soner, fordelte over heile Noreg, som er knytte til eduRoam-nettverket. Det er høge krav til tryggleik. WiFi4EU-autentiseringssystemet vil basere seg på ein RADIUS-basert infrastruktur som brukar 802.1X tryggingsteknologi for bruk mellom ulike Wi-Fi-nettverk. 

Sist endret

Ja.

Sist endret

Ja.

Sist endret