Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Spørsmål og svar Stønad til breibandutbygging
Sist oppdatert

Stønad til breibandutbygging

Stønadsordninga er retta inn mot utbygging av breiband i område som manglar tilbod om breiband med 30 Mbit/s eller høgare. Det vert berre gjeve stønad til investeringar, ikkje til drift av nettet som vert bygt ut.

Kvite-NGA

Sist endret

Det er berre kommunar eller samanslutningar av kommunar som kan søkja om stønadsmiddel. Søknader skal sendast til fylkeskommunen og ikkje til Nkom. Kontaktperson for fylkeskommunen din finn du her.

Deretter sender fylkeskommunar ei innstilling til Nkom med prioriterte prosjekt innan eige fylke.

Sist endret

Generell frist for innsending av innstilling frå fylkeskommunane til Nkom er 1. september 2018. 

Sist endret

Frå 2014 til 2017 søkte kommunar Nkom om stønad til utbygging av breiband. Frå 2018 er det fylkeskommunen som handsamar søknader og har ansvaret for å følgja opp at prosjekt innan eige fylke vert gjennomført i tråd med ordninga.

All stønad som skal gjevast under ordninga må innebera utbygging av tilbod om såkalla NGA-breiband, dvs. breiband med ein nedstrøms hastigheit på minst 30 Mbit/s. Departementet har sett fast at område som ikkje har tilbod om 10 Mbit/s skal prioriterast ved at minst halvparten av midla innanfor den økonomiske ramen som det enkelte fylket har fått tildelt, skal brukast i område som manglar slikt breiband.

For midlar som er løyvd under gammal ordning er det krava i den ordninga som gjeld.

Sist endret

Retningslinjene krev at minst halvparten av støtta som er reservert til kvart fylke skal gå til område utan breibandtilbod over 10 Mbit/s. I ein del område/prosjekt gjeld dette berre ein del av hushalda. Nkom tolkar kravet slik at 50% av støtta – på fylkesnivå – skal nyttast til å gje breibanddekning til husstandar som ikkje har grunnleggjande dekning. Det må antakast at ein hushald som ikkje har tilbod om høgare fart enn 10 Mbit/s i dag, kostar meir å byggja ut enn område som har høgare breibandkapasitet. Viss det ikkje går klart fram av prosjektkalkylane kva desse hushalda kostar å byggja ut, kan ein leggja til grunn at gjennomsnittleg stønad per husstand utan grunnleggjande dekning er 50% meir enn snittet for dei hushalda som allereie har grunnleggjande dekning.

Døme:

Samla stønad til eit prosjekt med 200 hushald på 1.000.000 kr: 80 utan grunnleggjande dekning, 120 som har grunnleggjande dekning. Dei 80 utan grunnleggjande dekning kan bereknast å koste 50% meir, og reknas difor som 120 «breibandseiningar». Støtte per breibandseining vert då 1.000.000/240: Dette gjæv 4167 kr per breibandseining: 4167 kr per husstand som har grunnleggjande dekning, 6.250 kr per hushald som ikkje har grunnleggjande dekning. Samla stønad til hushald utan grunnleggjande dekning vert då 500.000 kr, og samla stønad til husstandar med grunnleggjande dekning vert og 500.000 kr. Kravet om at minst 50% av støtta skal gå til utbyggjing til hushald utan grunnleggjande breiband vil vera oppfylt, sjølv om delen av hushald utan grunnleggjande dekning er mindre enn 50%.

Sist endret

Nkom set fast ei økonomisk ramme for kvart fylke basert på ein fordelingsnøkkel. Fordelingsnøkkelen vert basert på siste tilgjengelege tal for breibanddekninga der mengd hushald i fylket utan tilbod om breiband med nedstrøms hastigheit på minst 10 Mbit/s og mengd hushald i fylket som berre har tilbod om breiband med nedstrøms hastigheit i intervallet 10 til 30 Mbit/s vektas likt.

Dei økonomiske rammene for 2018 finst her.

Sist endret

Prosjekteigar må dokumentera at det er gjort undersøkingar mot relevante breibandleverandørar for å sikra at det ikkje allereie er sett i gang utbygging eller sett fast planar for utbygging innanfor dei næraste tre åra i det området det vert søkt stønad for.

Sist endret

Krava til innstilling frå fylkeskommunar kjem tydeleg fram i dokumentet «vedlegg til innstilling» som du kan finne her.

Sist endret

Ved tildeling av middel vil Nkom sende ut eit tildelingsbrev til fylkeskommunen med eit vedlagt akseptskjema. Akseptskjema inneheld krava knytt til ordninga og må underteiknast før stønadsmiddel vert utbetalt.

Fylkeskommunane sender tildelingsbrev og innhentar akseptskjema frå dei ulike kommunane/prosjekteigarar før dei utbetalar støtta.

Tidspunkt for utbetaling vil variera avhengig av når fylkeskommunen sender innstilling til Nkom samt dei interne rutinane til fylkeskommunen.

Sist endret

Fylkeskommunens øvste leiar kan signera tildelingsbrev og akseptskjema.

Sist endret

Kommune må kunngjera prosjekt som har fått løyvd stønad innan eitt år frå fylkeskommunen har sendt innstilling til Nkom.

Fylkeskommunane rapporterer bruk av midla til Nkom ut frå rapportering frå kommunane.

Sist endret

Etableringa av eit nytt eller betre breibandtilbod vil typisk omfatta tre fasar; planleggingsfase, utbyggingsfase og driftsfase. Det vert berre gjeve stønad til kostnader knytet til utbyggingsfasen. Ordninga aksepterer heller ikkje at stønadsmiddel går til dekking av kostnader som er akkumulert før vedtaksdato for tildeling av stønadsmiddel.

Søknadsprosessen

Sist endret

For å sikra at den offentlege stønaden ikkje fører til at det vert skapt lokale monopol, men heller utviklar og styrkjer det lokale marknadstilbodet med reell valfridom for sluttbrukarane, er det eit krav at infrastruktur som får stønad skal vera open for tilgjenge for tredjepart som skal kunna tilby tenester over den same infrastrukturen. Tilgjenget skal vera tilgjengeleg seks månader før det tilbydast tenester til sluttkundar og tilbydast i minst sju år.

Prosjekteigar må difor stille krav om tilgang for tredjepart i anbodsutlysinga.

Sist endret

Søkjer kan lasta ned lokale dekningskart for dei områda som søknaden gjeld. Karta vert produsert av Nkom.
Karta viser breibanddekning i kvadrat på 100 x 100 meter, og det vert laga tre kart for kvart område, kor svart firkant indikerer at husstanden har breibandtilbod på aktuell fart, medan raud firkant indikerer at husstanden ikkje har slikt tilbod:

  • Eitt som viser dekning for minst10 Mbit/s nedstraums kapasitet («grunnleggjande breiband»), eksklusive satellitt. 
  • Eitt som viser dekning for minst 30 Mbit/s nedstraums kapasitet («NGA breiband»)
  • Eitt som viser dekning for minst 100 Mbit/s nedstraums kapasitet

Kart finn du her.

Sist endret

Eit «kvitt område» er eit omgrep i retningslinjene til EU for statleg stønad til breibandutbygging og vil seia eit geografisk område som manglar grunnleggjande breibandtilbod og der det ikkje er rekna med kommersiell utbygging av slikt tilbod dei næraste tre åra.

Sist endret

Område der det eksisterer eit grunnleggjande breibandstilbod kan kvalifisere for tilskot om det einast er tilbod om grunnleggjande breiband (dvs. mindre enn 30 Mbit/s), og ikkje høgfartsbreiband eller forventa kommersiell utbygging av slikt tilbod dei nærmaste tre åra. Eit slikt område kallast eit «kvitt NGA-område». NGA betyr "Next Generation Access".

Ein kan gje stønad til utbygging av auka breibandskapasitet i eit slikt område om utbygginga fører med seg utbygging av såkalla NGA-breiband over 30 Mbit/s. Døme på NGA-nett er fibertilknytting og oppgraderte HFC-nett (Hybrid Fiber Coax).

Sist endret

Lokale bidrag kan vera lokale offentlege middel frå søkar/prosjekteigar og andre lokale offentlege partnarar. Òg finansielle middel frå private aktørar inklusive forhøgd tilknytingsavgift frå nye breibandabonnentar kan medreknas.

Lokale offentlege bidrag i form av personalressursar til dømes prosjektleiing vert sett fast etter ein timesats på kr 600,-. Lokal dugnadsinnsats frå privatpersonar, grendelag mv. setjast fast etter ein timesats på kr 350,-. Graving av grøftar til framføring på eiga tomt vert sett fast etter ein sats på høvesvis kr 350,- og kr 150,- pr meter .

Sist endret

Ein mobil løysing kan byggjast ut med offentlege stønadsmiddel føresett at sluttbrukar vert tilbode uavgrensa data inkludert i månadsabonnementet til tilnærma same pris som fast breiband. Uavgrensa data er for tida definert som minimum 1 TB data i månaden.

Sist endret

Viss prosjekta som ein har fått stønad fram til og med 2017 har vorte dyrare enn anteken kan ein, etter søknad til Nkom, få oppretthalde støtta dersom endringane er så små at dei ikkje ville påverka resultatet frå det aktuelle årets tildeling.

Viss prosjektet vert ynskt utvida til eit større område, kan utvidinga få ei tilleggsløyving under ny ordning gjeve at fylkeskommunen vil prioritera dette. Likevel vil det her vera snakk om to prosjekt som har fått tildelt stønad under to ulike sett av reglar og dei må kvar for seg oppfylla krava som vart sett for høvesvis tidlegare og ny ordning.

Sist endret