Tertialrapport 2/2020

Grundig planlegging og gjennomføring av smitteverntiltak gjorde at det var mogleg å gjennomføre radiolinjeauksjonen i mai. 

Nkom er også godt i rute med å planlegge tildeling av meir frekvensar til mobilkommunikasjon, og høyringa av rammer for neste tildeling starta i juni. Målsetjinga om tidleg introduksjon av 5G og berekraftig konkurranse er viktige omsyn ved utforminga av rammeverket. 

19. juni vart konseptvalsutgreiinga knytt til framtidig løysing for naud- og beredskapskommunikasjon levert. Nkom har delteke tungt i arbeidet gjennom heile prosessen, og dette er noko som treff heile Nkom sitt ansvarsområde. 

Prosjektet «Ekomportalen» er no i gjennomføringsfasen, og skal leggje til rette for ei meir kostnadseffektiv utbygging av breiband, slik det er krav om i den nye breibandsutbyggingslova. I august sette vi i gong ein informasjonskampanje med blant bruk av informasjonsfilm, for å informere om lova, og om pliktar og rettar for nettoperatørar og breibandsutbyggarar.

Nkom har i perioden fatta viktige vedtak i mobilmarknaden og breibandsmarknaden. Ny regulering i mobilmarknaden skal spesielt legge endå betre til rette for utbygging av det tredje nettet og breibandsvedtaka skal sørge for at sanering av koparnettet ikkje går ut over konkurransen.  

Vi ser fram til ein spennande og aktiv haust innan mange av våre ansvarsområde, som blant anna samarbeid med departementet om den komande stortingsmeldinga innan ekom.

Her kan du lese heile Tertialrapport 2/2020 i bladbar versjon.