Nasjonal autonomi inneber at tilbydarar av elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester i ein krise- og beredskapssituasjon skal ha evne til å drifte og vedlikehalde tenestetilbodet, med personell og tekniske løysingar som er lokaliserte på norsk territorium. I dag er dette regulert i § 8-3 i forskrift om elektroniske kommunikasjonsnett og elektroniske kommunikasjonstjenester, men føresegna har ikkje tredd i kraft.

Den omfattande internasjonaliseringa utfordrar både evna og muligheita til å kunne innføre nasjonal autonomi. Likevel tilseier samfunnets stadig aukande avhenge av elektroniske kommunikasjonsnett- og tenester, og endringar i det sikkerheitspolitiske landskapet, at ein viss grad av nasjonal autonomi er viktig for Noregs beredskapsevne. Nkom meiner at ekom no er so grunnleggjande viktig for landet, at det ikkje er riktig å la denne infrastrukturen liggje utanfor moglegheita til nasjonal kontroll når det er naudsynt å vere ekstra årvaken.

Dei kommersielle ekomnetta får også ein stadig viktigare rolle i totalforsvaret. Dersom dei nødvendige ressursane for å sikre dei kritiske kommunikasjonstenestene ikkje kan underleggast nasjonal lovgiving og kontroll i ein krise- eller krigssituasjon, kan dette få svært alvorlege følgjer for den nasjonale styringsevna. Nkom meiner difor at føre var-prinsippet bør leggast til grunn, og at krav om nasjonal autonomi bør innførast og operasjonaliserast.

Nkom finn det føremålstenleg å avgrense eit krav til å gjelde landsdekkande mobile datanett (frå 4G og vidare) og landsdekkande transportnettenester. Dette er infrastruktur og tenester som er «bærebjelken» for nær alle elektroniske kommunikasjonstenester.

Det bør og vere knytt ei tilstrekkeleg overgangstid til eit krav om nasjonal autonomi, slik at tilbydarane som kravet vil gjelde for, får tid til å tilpasse seg kravet i takt med dei teknologiske endringane, og kan implementere kravet på ein kostnadseffektiv måte.

Nkom anbefaler SD at operasjonelle krav til nasjonal autonomi bør utformast innanfor dei neste par åra, i takt med utviklinga som skjer innanfor 5G, nettverksvirtualisering og automatisering.