Om postregelverket

Dei viktigaste reglane som gjeld postsektoren, finst i postlova med tilhøyrande postforskrift. Formålet med reglane er å leggje til rette for at brukarar over heile landet skal få tilgang til gode og framtidsretta posttenester, og eit likeverdig tilbod av leveringspliktige tenester til overkomeleg pris, gjennom effektiv bruk av ressursane i samfunnet.

Postlova

Den mest sentrale rettskjelda som gjeld postsektoren, er lov om posttenester (postlova) som i hovudsak vart sett i kraft 1.1.2016, men som seinare har vore noko endra.

Postforskrifta

Postforskrifta supplerer postlova og utdjupar òg enkelte av pliktene der.

Forarbeid til postlova

Politiske mål og opplysningar om postmarknaden går fram av forarbeida til postlova. Endringar i postlova dei siste åra er òg utdjupa her. Dei mest aktuelle dokumenta finn du under.

EUs postdirektiv

Det norske regelverket for postsektoren byggjer også på EUs tre postdirektiv. Direktiva har mellom anna til formål å liberalisere postvesenet ved å fjerne monopol og skape ein marknad for posttenester: