CERP (European Committee for Postal Regulation)

CERP er ein organisasjon for styringsorgana innanfor postsektoren i alle europeiske land. CERP har arbeidsgrupper som jobbar med problemstillingar av økonomifagleg karakter, poststandardisering, overnasjonal postregulering og andre regulatoriske problemstillingar. I tillegg etablerer CERP prosjektgrupper ved behov.

Her kan du lese meir om CERP på deira heimesider.

UPU (Universal Postal Union)

Internasjonalt samarbeid og postregulering blir også drive av UPU (Verdspostforeininga). UPU er eit organ under FN som vart etablert i 1874, og har meir enn 180 medlemsland. UPU har sekretariat i Bern i Sveits. 

Det øvste organet i UPU er kongressen, og den blir som hovudregel halden kvart fjerde år. Den siste kongressen som vart arrangert, var ein ekstraordinær kongress i Genève i september 2019. 

Neste kongress blir arrangert i Abijan i Elfenbeinskysten i august 2020. Noreg stiller med delegatar frå Samferdselsdepartementet, Posten Norge AS og Nkom.

Her kan du lese meir om UPU på deira heimesider.

Poststandardisering i CEN (European Committee for Standardization)

Nkom deltar i det internasjonale standardiseringsarbeidet som poststyresmakt. Dei viktigaste oppgåvene for Nkom innanfor poststandardisering er å bidra ved høyringar og ved fastsetjing av standardar på postområdet. 

Internasjonalt deltear Nkom i standardiseringsarbeidet i UPU (Universal Postal Union). I europeisk samanheng skjer det viktigaste arbeidet innanfor poststandardisering i regi av CEN (European Committee for Standardization) som har oppretta ein eigen komité for utvikling av standardar innanfor posttenester og -utstyr.

I Noreg er det ingen standardar som er pålagde aktørane i marknaden. Samferdselsdepartementet har likevel avtale med Posten Noreg, som leveringspliktig tilbydar, å måla fremsendingstid med utgangspunkt i standarden EN13850.

E-handel og større postsendingar

E-handel har ført til at stadig fleire sender varer over landegrensene. Dette gir auka behov for standardisering av for eksempel tollbehandling og adresseinformasjon slik at sendingane ikkje blir unødig forseinka. Dette er derfor eit prioritert arbeid for CEN. 

Endringar frå tradisjonelle brev til større postsendingar med varer aukar behovet for større postboksar. 

Sikker levering og standardar for utforming av både sjølve postboksane og låsemekanismen er eksempel på standardiseringsarbeid som har fått auka merksemd dei seinare åra.

Nkom er fagorgan for standardisering

Som fagorgan for standardisering får Nkom EN-standardar (harmoniserte standardar) til høyring og votering frå CEN. 

Standardane blir lagde ut til offentleg høyring (Public Enquiry). 

På denne måten kan òg dei som ikkje deltar direkte i standardiseringsarbeidet, kommentere og påverke resultatet. 

Nkom stemmer på vegner av Noreg i CEN over nye standardar.

Norsk Standard innanfor postområdet

EN-standardar innanfor postområdet blir gjorde om til Norsk Standard og publiserte av Standard Noreg. 

Publiserte standardar og rapportar frå mellom anna CEN kan kjøpast frå Standard Online AS i elektronisk format eller papirformat.