Marknadsregulering

Nkom skal sørgje for at alle aktørar får like konkurransevilkår, som gir priskonkurranse og valalternativ for kundar. Marknader skal sjølv få fungere og utvikle berekraftig konkurranse der det er mogleg. Nkom vurderer om det er behov for regulering av tilbydarar. Det gjeld både innanfor post- og ekomtenester.

Sikkerheit og beredskap

Nkom har eit spesielt ansvar knytt til sikkerheit og beredskap i elektroniske kommunikasjonsnett (ekomnett), mot både dataangrep og belastningar frå ekstremvêr. Vi har også ei aktiv rolle i utviklinga av nytt naudnett og mobil beredskap ved hendingar. Nkom har 24/7 vaktordningar for nett og tjenester.

Ressursforvaltar

Nkom forvaltar frekvensar for mobil, radio og fjernsyn i Noreg. Vi har i 2019 starta sal av frekvensar til 5G i form av frekvensauksjonar. Telefonnummer-ressursane i Noreg blir forvalta av Nkom, og fordelte etter søknad til operatørar.

Tilsyn og kontroll

Vi fører tilsyn gjennom systematisk marknadskontroll med omsetning av radio-, teleterminal-, og nettutstyr, for å sjekke at produkta samsvarer med regelverket. Ei eiga autorisasjonsordning for ekominstallasjonar skal sikre trygge nett for heile samfunnet. Nkom fører også tilsyn med prisar og tilbod frå ekombransjen til forbrukarar.

Nkom måler stråling frå elektronisk utstyr, og følgjer opp bruk av ulovleg jammarutstyr som forstyrrar og blokkerer samfunnskritiske tenester.

Nasjonalt og internasjonalt samarbeid

Nkom har eit aktivt og godt samarbeid med bransjar og myndigheiter, og tilbyr samarbeidsplattformer i form av konferansar og møteplassar. 

Internasjonalt er vi aktive i ei rekkje fora innanfor EU for å sikre koordinering av internasjonale regelverk for post og ekom på tvers av landegrenser. Nkom representerer også Noreg i ei rekkje EØS-komitear.

Beste kjelde

Nkom jobbar for å vere beste kjelde innanfor fagområda våre. Oppgåva vår er også sikre at det norske samfunnet er best mogleg orientert om ny teknologi og innovasjon innanfor ekom. Det vil seie at vi gjer tilgjengeleg nyttig forbrukarinformasjon, nyheiter, regelverk, forskrifter og lover på nettsida vår, og i ulike bransjekanalar. Vi responderer raskt på førespurnader frå forbrukarar, bransjar, myndigheiter og media. 

Hovudkontor i Lillesand

Nkom har hovudkontor i Lillesand, og er organisert i fem avdelingar. Om lag 145 tilsette jobbar i sørlandsbyen, og resterande tilsette har arbeidsplassen sin på Nkom sine regionkontor i Lødingen, Trondheim, Lillehammer, Bergen og Oslo.

Pål Wien Espen er direktør i Nkom. Direktøren avgjer alle saker som ikkje skal leggjast fram for overordna myndigheit.

Ved utgangen av 2019 hadde Nkom 162 tilsette fordelt på 151 årsverk.

Tildelingsbrev frå KMD

Her kan du lese tildelingsbrevet 2020 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) til Nkom, der KMD gjev styringssignaler, føringar og rapporteringskrav til Nkoms arbeid.