Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Marked Posttjenester Leveringsplikt Postens produktregnskap
Sist oppdatert

Postens produktrekneskap

Posten Noreg AS er etter Lov om posttjenester (postloven) § 11 pålagd å utarbeide ein årleg produktrekneskap til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom). Denne skal vise oversikt over inntekter, kostnader, kapital og resultat knytt til produkt og tenester og skal utarbeidast på konsernbasis.

Føremålet med produktrekneskapen er å gje grunnlag for å vurdere om prisane for leveringspliktige tenester er kostnadsbaserte, og om det skjer ulovleg kryssubsidiering mellom leveringspliktige tenester og øvrig verksemd.

Produktrekneskapen skal følgje kalenderåret og sendast Nkom innan tre månader etter at finansrekneskapen er lagd fram. Produktrekneskapen for dei siste åra finn du i relaterte dokument til høgre.