Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Marked Posttjenester Leveringsplikt Postens årsrapport
Sist oppdatert

Postens årsrapport

Posten Noreg AS er pålagd å utarbeide ein årleg rapport til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) over om verksemda oppfyller konsesjonsvilkåra. Tidlegare het denne rapporten konsesjonsrapport, medan frå 2016 er denne erstatta med ein årsrapport. Plikten til å utarbeide årsrapporten følgjer dermed ikkje av konsesjonen punkt 7.2 lenger, men av postloven § 21 andre ledd, jf. postforskriften § 26.

Posten skal rapportere til Nkom innan utgangen av fyrste kvartal det påfølgjande året, med kopi til Samferdselsdepartementet. Nkom skal deretter gje sine kommentarar til rapporten til departementet. Nokre av Posten sine konsesjonsrapportar for dei siste åra og kommentarar til desse frå Nkom kan du lese nedanfor.