6-sifra EØS-harmonisert nummer 116xyz
Den felleseuropeiske avsetjinga av nummerserien er fastsett i Kommisjonsavgjerd 2007/116/EF. Avgjerda er vedteken EØS-relevant.
EU-kommisjonen set som krav at tenestene som bruker nummer frå denne serien skal oppfylle eit spesifikt behov i samfunnet. Dei skal medverke til velferd og tryggleik for innbyggjarane, eller vende seg til særskilte befolkningsgrupper eller innbyggjarar som er i vanskar. Det blir også sett meir spesifikke krav til tenestene som får bruke nummer frå denne serien. Tenestene skal:
- tilby informasjon, hjelp eller fungere som ein rapporteringskanal for brukarane, eller vere ein kombinasjon av desse
- vere open for alle brukarar utan krav om førehandsregistrering
- ikkje vere tidsavgrensa til kampanjeperiodar
- ikkje medføre noka form for betaling eller betalingsforplikting som ein føresetnad før ein kan nytte seg av tenesta
- ikkje ha reklame, underhaldning, marknadsføring eller sal under ein samtale eller så lenge linja er oppkopla
- ikkje bruke samtaleinformasjon for framtidig sal av kommersielle tenester
Tenestene skal vere gratis å ringje frå fastnett og mobilnett. Tilbydarane skal likevel ikkje måtte betale for trafikken. Det er altså mottakaren av oppropet som skal betale for samtalar både frå fast- og mobilnett.
Nkom kan gjere unntak frå kostnadsfridomen for innringjar frå mobilnett. Den klare hovudregelen er likevel at nummera skal vere gratis å ringje frå begge nett. Unntak frå dette kan tenkjast dersom nummer er sette av til tenester som er av kommersiell karakter.
Nkom har ikkje motteke søknad på nummera:
- 116 000: Krisetelefon for og om sakna barn
- 116 006: Hjelpelinje for offer for kriminalitet
Begge nummera kan det søkjast på.
Prosedyre for tildeling av 116xyz-nummer
Tildelinga av nummer skjer i kvart enkelt EU/EØS-land. Dette inneber at dei som får tildelt nummer i Noreg, skal drive verksemd her.
Nkom kan be om uttaler til søknadene frå relevant fagdepartement og/eller annan relevant faginstans. Desse vil i så fall bli peikte ut av Samferdselsdepartementet.
Nummera kan tildelast til så vel offentlege som private aktørar/instansar. Nkoms vedtak om tildeling kan klagast inn til Samferdselsdepartementet av dei partane som har rettsleg klageinteresse i saka.
Bruksretten til nummeret fell bort dersom nummeret ikkje blir teke i bruk innan seks månader etter tildelinga, eller det seinare over ein periode på minst eitt år ikkje har vore i vedvarande bruk. Nkom kan i særlege tilfelle gjere unntak frå desse fristane.
Moment som kan vere relevante ved utveljinga (lista er ikkje uttømmande):
- korleis søkjar vurderer oppfyllinga av tenesteskildringa for nummerserien
- det geografiske nedslagsfeltet for tenestene
- kor tilgjengeleg tenesta er
- eventuelle aksessmoglegheit via SMS/MMS
- det økonomiske fundamentet til søkjaren
- røynsle med tilsvarande eller liknande tenester
- fagleg kompetanse
- kapasitet på tal inngåande linjer
- referansar og andre relevante opplysningar.
Søknaden skal sendast til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, Postboks 93, 4791 Lillesand og merkjast ”116-nummer” eller sendast per e-post til firmapost@nkom.no.