PMR-dag
For å kunne selje PMR-radioar må ein vere registrert som forhandlar eller importør. Dersom ein skal installere fastmontert radioutstyr, må ein vere autorisert ekominstallatør. Den 14. september 2022 arrangerer Nkom seminar om PMR.
Privat/Profesjonell Mobil Radio (PMR) er viktig i dagens samfunn. Mange tenester nyttar PMR som hovud- eller som reservekommunikasjon. Dette er ei regulert teneste som krev frekvensløyve frå Nkom. Nkom ønskjer å tilrettelegge for fortsatt bruk av PMR.
Talet på deltakarar er avgrensa. Ved fullteikning vil registrerte radioforhandlarar og ekom-installatørar bli prioritert. Bindande påmelding innan 20. august.
Dagen vil innehalde aktuelle tema både for den som sel PMR-utstyr og som installerer til dømes basestasjonar.
Aktuelle temaer:
- PMR i Nkom (info, søknadsprosess, rutiner, kanalplanar mm.)
- Regelverk for utstyr, plikter for forhandlar
- Autorisasjon, samsvarserklæring
- Bruk av jaktradio og sikringsradio
- Frekvenskontrollen med demo av målebil
- PMR i framtida (5G?)
Detaljert program vil bli sendt til deltakarane på førehand.
Praktiske opplysningar:
Scandic Oslo Airport Hotel på Gardermoen
Programmet startar kl. 09:00 (registrering frå kl. 08:30) og varer til kl. 16:00.
Det vil bli servert lunsj.
Hotellet ligg ca. 4 km frå Oslo lufthavn. Det går shuttlebuss S55 frå flyplassen. Kjem du med bil kan du parkere mot betaling ved hotellet.