Hopp til hovedinnhold

Digitalt Frekvensforum 16. september

Nkom inviterer til Frekvensforum på nett 16. september. Tema blir blant anna 5G-utrulling, spektrumstildelingar og innsyn i spennande forskingsprosjekt.

Forumet vil være av interesse for alle som ynskjer å halde seg oppdatert på aktuelle tema innanfor elektronisk kommunikasjon og frekvensar – med eit særleg fokus på frekvensar for mobilkommunikasjon og 5G.

Det er niande gong Nkom arrangerer Frekvensforum, og i år gjennomførast forumet i nytt digitalt format.

Det blir både eksterne og interne foredragshaldarar, som vil gje oss ei oppdatering på 5G-utrulling og spektrumstildelingar til mobilkommunikasjon og 5G. Vi vil også få høyre om elektronisk kommunikasjon og miljø, og innblikk i spennande forskingsprosjekt.

Hald av dagen 16. september

Frekvensforum vert i år gjennomført som eit nettbasert arrangement. Deltaking er gratis, men krev påmelding. 

Nærare informasjon om arrangementet kjem i august. 

Velkomen!

Kontakt

Fagleg innhald:
senioringeniør Anja Vimme Skadal, avi@nkom.no, tlf.: 47 47 77 77

Praktisk informasjon:
rådgjevar Cathrine Solheim, cso@nkom.no, tlf.: 91 13 02 47

Nkom.no benytter informasjonskapsler (cookies). / Nkom.no uses cookies. Les mer / Read more