Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Rapporter Tertialrapport 1/2015
Sist oppdatert

Tertialrapport 1/2015

Årets første tertialrapport er overlevert til departementet. Her kan du få eit nyttig overblikk over kva Nkom held på med for tida, og kva vi planlegg framover.

Rapporten blei behandla i etatsstyringsmøtet 22. juni. Her kan du mellom anna lese meir om arbeidet med forsterka ekom, der utvalde kommunar får stønad til å sikre elektronisk kommunikasjon i krisesituasjonar. Dette arbeidet møter stor interesse og går som planlagd.

Rapporten fortel at arbeidet med tryggleik og beredskap. Elektronisk kommunikasjon er bærebjelken for svært mange av funksjonane i samfunnet. Finansiering av den heilt naudsynte ressursauken er ei utfordring.

Du kan og lese om overskridingsbota på ni millionar kroner til Telenor etter eit omfattande utfall i mobilnettet 30. oktober 2014. Telenor har ei rekke innvendingar og kommentarar til varselet, og saka er ikkje ferdig behandla enno.

Innanfor frekvensforvalting blir førebuinga av auksjonen av både 900- og 1800-frekvensar omtalt.

Tertialrapporten gjer deg ei grei oversikt over mykje meir – det er berre å gå i gang å lese.

Risikovurdering

Tildelingsbrevet for 2015 slår fast at mål- og resultatstyring er det overordna styringsprinsippet i statleg forvalting.

Det blir derfor utarbeidd ei eiga risikovurdering der vi rapporterer om risikostyring og intern kontroll av verksemda - og at denne fungerer på ein tilfredsstillande måte.