Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Rapporter EkomROS 2017
Sist oppdatert

EkomROS 2017

EkomROS 2017 er Nkoms risikovurdering av ekomsektoren for 2017. Rapporten trekker mellom anna fram utviklingstrekka i sektoren som i åra framover vil utfordre den nasjonale kontrollen med kritisk tenesteproduksjon.

Nkom publiserte i fjor den fyrste overordna risikovurderinga av ekomsektoren. I årets rapport, EkomROS 2017, bygger Nkom vidare på risikobiletet som vart teikna då.

I årets risikovurdering ser Nkom ein høg risiko knytt til redusert nasjonal kontroll med kritisk tenesteproduksjon, gjennom gradvis auka avhenge til funksjonar i utlandet. Dette krev at myndigheitene må ha ein aktiv rolle og finne ein god balanse mellom å legge til rette for innovasjon, men samtidig sørgje for at det er tilstrekkeleg nasjonal kontroll med nett og teneste. Dette er naudsynt for å sikre forsvarleg sikkerheit i fred, krise og krig.

Nkom vurderer også at risikoen er høg for uønska hendingar knytt til infrastrukturen i nordområda. Risikoen påverkast både av at langvarige utfall skjer oftare enn elles i landet, og av den potensielle konsekvensen av tilsikta handlingar mot infrastrukturen i området i ein krise- eller konfliktsituasjon.

Rapporten finn du i høyre kolonne.