Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Rapporter Årsrapporten for 2012
Sist oppdatert

Årsrapporten for 2012

Post- og teletilsynet har levert årsrapporten 2012 til Samferdselsdepartementet. Rapporten er skriven etter mal frå tildelingsbrevet for 2012, som Samferdselsdepartementet har utarbeidd. Tildelingsbrevet gjev eit oversyn over kva PT skal prioritere i tilsynsarbeidet gjennom året.

For 2012 er tildelingsbrevet delt inn i sju mål. Under kvart mål er det fleire delmål og aktivitetar som PT skal rapportere frå.

Post- og teletilsynet (PT) skal leggje til rette for eit likeverdig tilbod av grunnleggjande post og elektroniske kommunikasjonstenester av høg kvalitet og til rimelege prisar, for folk og næringsliv over heile landet, og med eit tilfredsstillande breibandstilbod til alle.

For å jobbe mest mogleg effektivt med å nå desse måla, vart PT omorganisert med verknad frå 1. januar 2012. PT har no fire avdelingar:

  • Frekvens
  • Marknad
  • Nett 
  • Administrasjon

Informasjonsavdelinga vart lagd ned, og informasjonsverksemda organisert meir direkte i dei einskilte avdelingane.

Hovudstrategien vart òg reformulert og forenkla, slik at det skal vere tydelegare kva tilsynet skal leggje vekt på i alt arbeid.

Kort oversyn over bransjen

I 2012 heldt ekombransjen i Noreg fram med å vekse, både i omsetjing og trafikk. Men det skjer ei tydeleg endring i samansetjinga av trafikk; frå samtalar og SMS, og over til vesentleg vekst i datatrafikken i mobilnetta. Det er fleire mobilabonnement enn det er innbyggjarar i landet (> fem millionar), og trafikken over eit gjennomsnitts mobilabonnement auka også i 2012, slik han har gjort fleire år på rad. Dei aller fleste husstandane har tilbod om ei eller anna tilknyting av breiband, men framleis er det somme som ikkje har eit tilfredsstillande tilbod.

På postområdet heldt også utviklinga fram i same retninga som ved førre årsskiftet, nemleg at talet på brevpostsendingar gjekk ned. Når det gjeld mengda pakkar som vert sende, både innanlands og frå utlandet til Noreg, er ho aukande.

I 2012 feira PT 25-års jubileum. Høvet vart brukt til å setje søkjelyset både på den faglege utviklinga som har prega desse 25 åra, og til å sjå framover på kva ein kan vente av endringar i tenester osb.