Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Rapporter Årsrapporten for 2011
Sist oppdatert

Årsrapporten for 2011

Kvart år mottek PT eit tildelingsbrev, som gir oversyn over kva PT skal prioritere i tilsynsarbeidet. PT rapporterer for dei sju måla som tildelingsbrevet set for tilsynet.

Under kvart mål er det fleire delmål og aktivitetar som PT skal rapportere frå. Nokre av dei skal rapporterast i dei to tertialrapportane, og nokre skal omtalast i årsrapporten. Årsrapporten gir difor ikkje eit totalt oversyn over alt PT har jobba med i 2011.

Hausten 2011 jobba PT med ei intern omorganisering, og i desember vart det vedteke endringar som førte til at talet på avdelingar og seksjonar vart redusert.

Den nye organiseringa gjeld frå 1. januar 2012, og aktivitetane som vert omtala i årsrapporten er difor utførte under den gamle organiseringa.