Livestreamlink til Frekvensforum

Nettkonferanse

– Nkom sitt tradisjonelle Frekvensforum blir i år avvikla som ein nettkonferanse. Vi håpar at mange nyttar høve til å fylgje nettmøtet, inviterer fungerande direktør John-Eivind Velure. Dette er vanlegvis ein godt besøkt årleg konferanse i Nkom sine lokaler i Lillesand.

Frekvensforum er ein arena der våre fagfolk presenterer nyheiter og informasjon til bransjen og andre interesserte. Vi ynskjer å formidle kva som rører seg innan spektrumsforvaltning nasjonalt og internasjonalt. I tillegg inviterer vi foredragshaldarar som gjev nyttig og spennande kunnskap til våre tema, seier John-Eivind Velure. 

– Med nettmøte mister vi noko av dei sosiale nettverksmuligheitene som Frekvensforum vanlegvis gjev, men på den andre sida vil dette gje langt fleire høve til å fylgje den faglege delen av arrangementet. Med dagens smitteverntilrådingar såg vi det som naudsynt å gjere det på denne måten i år, fortel Velure.

5G, dronar og miljø

5G er framleis eit aktuelt tema som har vore på agendaen i fleire år. Telia, Telenor og Ice vil fortelje om korleis dei har jobba med 5G og mobilutbygging det siste året, og sine planar framover. Eit stadig meir aktuelt tema er behovet for dedikert spektrum til private mobilnett. SINTEF vil gje eit innblikk i sitt arbeid og samarbeid med industrien på dette området.

Nkom har testa ut å nytte dronar under tilsyn med frekvensbruk, og deler test-erfaringar. Forskingsinstituttet NORCE (Norwegian Research Centre) er invitert for å presentere korleis dronar kan brukast til miljøovervaking. Miljø og berekraftig ekombransje står også på agendaen, og Nkom vil bidra med sine synspunkt og erfaringar frå internasjonalt arbeid på dette feltet.

Program

Her kan du sjå heile programmet

Legg til i kalenderen

Spørsmål til foredragsholdere

Spørsmål til foredragsholdere og innledere gå til: www.menti.com og bruk kode 84 00 75 6 (må være mellomrom mellom tall slik det står her).

Gratis konferanse

Konferansen er gratis, og du kan melde deg på her

Velkommen!