Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Tildeling av frekvensbandet 1452-1492 MHz til mobilt breiband
Sist oppdatert

Tildeling av frekvensbandet 1452-1492 MHz til mobilt breiband

Frekvensbandet 1452-1492 MHz skal brukast til mobilt breiband og vil bidra til auka kapasitet for nedlasting. Frekvensane er ledige. Med bakgrunn i pågåande internasjonale prosessar meiner PT at det er riktig å vente med tildelinga til etter radiokonferansen (WRC-15) i november 2015. WRC-15 vil venteleg fastsetje prosedyrar for koordinering med naboland og avgjere bruken av dei tilgrensande frekvensbanda.

Bakgrunn

Frekvensbandet 1452-1492 MHz har stort sett stått ubrukt i Noreg og i Europa dei siste tjue åra. Frekvensbandet 1452-1467 MHz vart harmonisert til bakkebasert DAB (T-DAB) gjennom Wiesbaden-avtala frå 1995 og seinare utvida til 1452-1479,5 MHz gjennom Maastricht-avtala frå 2002 (seinare revidert Constanta, 2007). Sidan 2003 har frekvensbandet 1479,5-1492 MHz vore harmonisert til satellittbasert DAB (S-DAB) gjennom ECC-avgjerda ECC/DEC/(03)02.

I 2010 byrja ECC på ein gjennomgang av bruken av frekvensbandet 1452-1492 MHz for om mogleg å identifisere kva anna bruk som kunne vere meir formålstenleg for Europa. Studiane resulterte i ECC-rapport 188 som anbefaler at bandet bør harmoniserast til supplerande nedstraumssamband (Supplemental Downlink - SDL) for mobilt/fast breiband. Eit reint nedstraumssamband vart valt fordi det gjer sameksistens med andre tenester på tvers av landegrenser litt enklare og fordi nye teknologiar (for eksempel LTE-Advanced) gjer det mogleg å gjere seg nytte av upara band. Ved å nytte fleire frekvensband samstundes kan ein realisere svært høge overføringshastigheiter og i tillegg opnar det opp for å nytte frittståande /upara frekvensband til mobilt breiband. SDL vil gje mobiloperatørane eit nytt verkemiddel for å møte auka etterspurnad for nedlasting i mobilnettet.

Harmonisert kanalplan for frekvensbandet 1452-1492 MHz

nedstraumssamband (sending frå basestasjon)

1452-1457

1457-1462

1462-1467

1467-1472

1472-1477

1477-1482

1482-1487

1487-1492

40 MHz (8 blokker á 5 MHz)

Med bakgrunn i ECC-rapport 188 vart det laga ei ECC-avgjerd (ECC/DEC/(13)03) med harmonisert regelverk, inkludert kanalplan, for SDL i CEPT-landa. Avgjerda gjeld for dei landa som vel å implementere den, og Noreg er eitt av desse landa. I etterkant av dette har EU-kommisjonen gjeve CEPT eit mandat til å utvikle harmoniserte tekniske vilkår for bruk av mobilt breiband i EU. CEPT-rapport 54, som er svar på mandatet frå EU-kommisjonen, vart publisert i slutten av november. Med bakgrunn i denne rapporten vil det kome ei avgjerd frå EU-kommisjonen som pålegg landa i EU å ha førebudd frekvensbandet 1452-1492 MHz for SDL innan ein viss dato. Ei slik avgjerd vil truleg også gjelde for Noreg gjennom EØS-avtala. 

Koordinering med naboland

Koordinering av frekvensbandet vil likevel verte noko komplisert då dette bandet ikkje er identifisert for mobilt breiband i Radioreglementet og det då ikkje fins særskilte koordineringsprosedyrar. Dette gjer at koordinering med naboland som ikkje vil bruke bandet til SDL vert meir komplisert enn vanleg. Til dømes vil Russland fortsetje å nytte dette frekvensbandet til aeronautisk telemetri. I følgje Russland vil dette krevje koordineringsavstandar på fleire hundre kilometer.

Radiokonferansen, WRC-15

Under agendapunkt 1.1 til World Radiocommunication Conference i 2015 (WRC-15, 2.11-27.11) er frekvensbanda 1427-1452 MHz, 1452-1492 MHz og 1492-1518 MHz støtta av CEPT som nye frekvensband for mobilt breiband. Dersom det vert einigheit om å opne opp desse frekvensbanda for mobilt breiband vil ein også utarbeide relevante koordineringsprosedyrar for dei. Frekvensbanda 1427-1452 MHz og 1492-1518 MHz vert i dag nytta til radiolinjer. Dersom desse frekvensbanda også skal nyttast til mobilt breiband må ein først finne ei tilfredstillande løysing for dagens brukarar.

Ei samla vurdering av det som er nemnt her, gjer at PT meiner at det vil vere fornuftig å vente med tildeling av frekvensbandet 1452-1492 MHz til avgjerda frå EU-kommisjonen føreligg og WRC-15 har fastsett koordineringsprosedyrane og bruken av nabobanda.

Eventuelle kommentarar kan rettast til firmapost@npt.no.