Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Tertialrapport nr. 2 2013
Sist oppdatert

Tertialrapport nr. 2 2013

No ligg PT sin tertialrapport for månadene mai til august 2013 føre. Tertialrapporten er skriven med utgangspunkt i tildelingsbrevet 2013 frå Samferdselsdepartementet. Post- og teletilsynet (PT) har i andre tertial 2013 blant anna arbeidd med å førebu vedtak på fleire område som er viktige for elektroniske kommunikasjonstenester i Noreg.

Tilsynet har førebudd oppdraget frå Samferdselsdepartementet om å auksjonere bort dei ledige frekvensane i 800-, 900- og 1800-banda. Oppdraget vart motteke i fyrste tertial. Mobilbransjen har venta spent på denne fordelinga av ressursar, og det har vore knytt stor interesse til vilkår og minsteprisar for auksjonen, som skal skje 2. desember 2013.

PT har også arbeidd med fleire saker som har direkte innverknad på brukarane sin kvardag. Eitt slikt døme er arbeid for å korte ned bytetida for mobiltelefonnummer mellom ulike selskap endå meir (portering). Dette arbeidet har gått føre seg gjennom Arbeidsgruppe Nummer, som er ein av mange arenaer for samarbeid mellom PT og ekombransjen.

PT har oppgåver og ansvar som grensar til andre styringsorgan sitt ansvar. Samarbeidsmøte er derfor viktige for å avklare og avgrense blant anna initiativ og aktivitetar overfor bransjen og samfunnet elles. Også i andre tertial har dette vore særleg viktig innanfor tryggleik og beredskap, som er eit område PT prioriterer høgt og som dei siste par åra har kravd vesentleg meir ressursar og innsats enn tidlegare. Arbeid med prioritet i mobilnett, datalagringsforskrifta og oppretting av beredskapsråd for ekombransjen, er viktige saker som er utgreidde i tertialet.

PT legg vekt på å ha tett kontakt med bransjane vi er sett til å føre tilsyn med, og som er aktørar innanfor dei områda der vi forvaltar ressursar. Vi held fram med å leggje til rette for informasjonsdeling i saker der bransjane kan ha nytte av å tenkje høgt saman med styresmaktene, til dømes gjennom faglege djupdykk.

I andre tertial har PT lagt stor vekt på internasjonalt arbeid på området postregulering. Det årlege plenumsmøtet i CERP (European Committee for Postal Regulation) vart arrangert i Kristiansand i mai, og ei rekkje europeiske land var representerte. PT har også vore aktiv i FN-organet UPU (Universal Postal Union).

PT har god oversikt over risikoar som trugar måloppnåinga, og det er ingen vesentlege endringar i forhold til fyrste tertial. Der det er endring, er det nemnt i rapporten.