Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Nkom ber fylka foreslå prosjekt som kan få tilskot til utbygging av breiband
Sist oppdatert

Nkom ber fylka foreslå prosjekt som kan få tilskot til utbygging av breiband

Frå 2014 til 2018 har statleg tilskot bidrege til at 61 000 bustadar har fått breiband. I år har Stortinget løyvd nær 200 millionar kroner til ordninga.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) forvaltar i 2019 nær 200 millionar kroner på vegner av Samferdsledepartementet til vidare utbygging av breiband.

- No inviterer vi fylka til å sende inn forslag til aktuelle prosjekt. Alle fylka har ein pott i ordninga, og eg er spent på innstillingane frå fylkeskommunane, seier Elisabeth Aarsæther, direktør i Nkom.

150 millionar kroner i statlege løyvinger vart tildelt i 2018. Desse midla ser ut til å gje utbygging av breiband verd om lag 860 millionar kroner. Ordninga er eit spleiselag. Dei statlege løyvingane bidreg til at kommunar, fylke, entreprenørar og brukarar vel å investere saman.

- Vi håper derfor at årets pott på 200 millionar gjer at utbygginga av breiband kan fortsetje på stader som elles ikkje hadde blitt bygd ut no, seier Aarsæther.

Støtteordninga er retta mot bustadar som ikkje har grunnleggjande breiband (10 Mbit/s). Ordninga tar òg omsyn til dei bustadane som har høgaste hastigheit mellom 10 Mbit/s og 30 Mbit/s, levert over koparnettet. Telenor har varsla at dei vil stenge koparnettet innan utløpet av 2022.

Ramma og fordelinga mellom fylka i 2019:

Fylke

Husholdn.
("HH") 'totalt

Fordeling 2019

Beløp per fylke 2019

Akershus

                 258 161

7,21 %

 kr         14 402 156

Aust-Agder

                    52 273

3,64 %

 kr           7 273 028

Buskerud

                 125 680

4,03 %

 kr           8 040 161

Finnmark

                    34 356

3,45 %

 kr           6 885 616

Hedmark

                    92 354

10,12 %

 kr         20 206 891

Hordaland

                 236 594

4,23 %

 kr           8 445 422

Møre og Romsdal

                 117 658

6,97 %

 kr         13 923 244

Nordland

                 111 148

12,67 %

 kr         25 303 741

Oppland

                    88 746

5,53 %

 kr         11 054 415

Oslo

                 340 444

0,00 %

 Note 1)

Rogaland

                 201 313

3,86 %

 kr           7 717 245

Sogn og Fjordane

                    47 402

4,18 %

 kr           8 348 974

Telemark

                    80 342

3,08 %

 kr           6 160 784

Troms

                    78 127

4,93 %

 kr           9 844 878

Trøndelag

                 216 646

17,67 %

 kr         35 299 031

Vest-Agder

                    82 590

4,17 %

 kr           8 324 606

Vestfold

                 112 662

0,95 %

 kr           1 891 869

Østfold

                 132 761

3,32 %

 kr           6 627 938

Norge totalt

        2 409 257

100 %

 kr      199 750 000

Note 1) Beløpet til Oslo blei etter fordelingsnøkkelen under 100 000 kroner. I tråd med retningslinene frå Samferdsledepartementet blei desse løyvingane derfor delt på dei andre fylka.