Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Samferdselsministeren vil kartleggja sårbarheita i mobilnetta
Sist oppdatert

Samferdselsministeren vil kartleggja sårbarheita i mobilnetta

Samferdselsdepartementet skriv på si nettside at samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i løpet av kort tid vil gi Post- og teletilsynet i oppdrag å kartleggja sårbarheita i alle mobilnetta i Noreg.

- Eg har motteke rapportane frå Post- og teletilsynet om hendingane 23. mai og 10. juni, og er samd med tilsynet i deira vurderingar av hendingane og av Telenor si handtering. Eg føreset at Telenor set i verk dei tiltaka dei sjølve har skissert i rapporten sin. Dette er eit arbeid Post- og teletilsynet må følgja nøye. Problemstillingar knytt til endringar i teknologi, aukande trafikk og endring i brukarmønster må følgjast særskilt opp av tilsynet. Sett i lys av desse endringane, i tillegg til hendingane den siste tida, ønskjer eg å kartleggja sårbarheita i alle mobilnetta i Noreg, seier samferdselsminister Kleppa.

- Analysen skal vera eit supplement til kartlegginga Post- og teletilsynet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap skal i gang med, der dei skal sjå på kor avhengig samfunnet er av ekomnett, samt føreslå tiltak. Eg legg til grunn at tilbydarane er positive til ein slik analyse og medverkar med relevante opplysningar. Arbeidet skal etter planen vera ferdig innan årsskiftet, seier Kleppa.