I det ordinære statsbudsjettet for 2020 blei det løyvd om lag 256 millionar kroner til breibandsutbygging. Stortinget vedtok 30. mars i krisepakke 3, å løyve 150 millionar. kroner ekstra, slik at det i år er ein samla sum på omlag 406 millionar kroner i støtte til utbygging av breiband.

- Tida vi no er inne i viser tydelig kor viktig det er at hushald og verksemder over heile landet har lik tilgang til eit godt og robust breiband med høg kapasitet. Gode spleiselag og aktivt arbeid i fylkeskommunar og kommunar gir grunnlag for god auke i breibandsutbygging utanfor kommersielt utbyggbare områder. Det er gledeleg at statleg tilskot til utbygging av breiband er auka betrakteleg, seier fungerande direktør i Nkom, John-Eivind Velure.

Oppdragsbrev frå KMD til fylkeskommunane

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har forvalta den statlege breibandsordninga fram til i år. Frå 2020 er forvaltninga overført til fylkeskommunane, som no for fyrste gong får eit eige oppdragsbrev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) om forvaltningsoppgåva. Nkom skal framleis gi aktiv rettleiing til fylkeskommunane i samband med bruk av offentlege midlar til breibandsutbygging. Bruk av midlane må følge regelverk for statsstøtte. EFTAs overvakingsorgan ESA har utarbeidd retningsliner for statsstøttereglar for rask etablering av breibandsnettverk.

Spleiselag for offentleg utbygging av breiband

Breibandsordninga er eit spleiselag. Dei statlege løyvingane bidreg til at kommunar, fylkeskommunar, entreprenørar og brukarar vel å investere saman i område som ikkje er rekna for å være kommersielt lønsame. I 2019 blei det løyvd nær 250 millionar kroner i statlege tilskottsmidlar. Desse midlane ser ut til å gi utbygging av breiband verd om lag ein milliard kroner til om lag 19 000 husstandar i Noreg.

Meir om fordelinga av midlane i 2019 finn du her

Fordelinga mellom fylkeskommunane i 2020

KMD har bestemt ei fordeling av midlane mellom fylka. Fordelinga er basert på talet på hushald i område med spreidd busetnad i kvart fylke, som har eit breibandstilbod som gir mindre enn 100 Mbit/s nedlastingshastigheit.
Støtteordninga er retta mot bustader som har mindre enn 30 Mbit/s nedlastingshastigheit i dag.

Fordelingstabell

Det presiserast at antall hushald i tabellen her gjeld hushald i spredd busetnad, basert på SSB si definisjon på spredd busetnad, sjå ssb.no

Fylke

Ant. hush.
< 100 Mbit/s

Andel

Tilskott 2020

Viken

                  45 741

18,9 %

 kr             76 731 633

Agder

                  14 746

6,1 %

 kr             24 736 934

Troms og Finnmark

                  11 964

4,9 %

 kr             20 069 708

Vestland

                  19 386

8,0 %

 kr             32 520 113

Møre og Romsdal

                  16 108

6,7 %

 kr             27 021 197

Nordland

                  23 146

9,6 %

 kr             38 827 029

Oslo

                       560

0,2 %

 kr                  939 255

Rogaland

                  11 641

4,8 %

 kr             19 527 810

Vestfold og Telemark

                  21 610

8,9 %

 kr             36 251 903

Trøndelag

                  32 524

13,4 %

 kr             54 559 627

Innlandet

                  44 768

18,5 %

 kr             75 099 790

Noreg samla

               242 195

100,0 %

 kr           406 285 000

Pressemelding frå KMD.