Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Råd til befolkninga under uver
Sist oppdatert

Råd til befolkninga under uver

Når det er straumbrot, kan det etter kvart også bli vanskeleg å bruke mobiltelefonen. Her er nokre enkle råd:
  • Slå av funksjonen for datatrafikk på mobilen, slik at du sparar straum 
  • Lad mobilen i bilen, om du har ein mobilladar som passar til 12v-uttaket
  • Sjekk om det er andre i nærleiken som har abonnement i eit anna mobilnett enn deg. Mange gløymer at det er fleire mobilnett i Norge, og at det kan vere bra å låne telefonen av kvarandre dersom det er problemer i eit av mobilnetta.
  • Du kan ringe naudnummeret 112 sjølv om det ikkje er dekning i mobilnettet der du er kunde, så lenge du er i dekningsområdet til eit anna mobilnett.

Det kan hende du må ta ut SIM-kortet før du ringjer 112. Ver merksom på at du ikkje kan ringe 110 (brann) og 113 (AMK) utan SIM-kort.